Hopp til innhald

Fagstoff

Sharon

Sharon er ein nyare type frukt som er vidareutvikla frå kaki, og har dermed opphav så seint som frå 1980-åra i Sharondalen i Israel.
Ein hel og ein delt sharon frukt mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sharon inneheld ikkje garvesyre og kan derfor etast i umogen, hard tilstand. Han har vorte ei frukt med vidare bruksområde og vert no omsett i større omfang enn kaki. Sharon ser ut som ein tomat med gul til oransje farge. Til skilnad frå tomatar har frukta fire begerblad på toppen. Sharon har same fargen på fruktkjøtet som på skalet, og er steinfri.

Smaken er litt aprikosaktig med eit stenk av vanilje, samstundes som han også kan vera litt syrleg. Mogen sharon er kjenneteikna av den sterkt oransje fargen og av at skalet er glasaktig og nesten gjennomsiktig.

Bruksområde

Sharon kan etast naturell åleine, med is, i sorbé, i fløytekrem eller yoghurt. Han er god i fruktsalat, til ost eller til kjøt, som kokt skinke eller spekemat.

Næringsinnhald

Sharon inneheld mykje karoten som vert omgjord til A-vitamin i kroppen. 100 g sharon dekkjer dagsbehovet for A-vitamin. Han inneheld også ein del C-vitamin og mineral – særskilt kalium. Sharon er ei energigivande frukt som ikkje feitar.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Sharon skal ha eit glatt og blankt skal. Fargen skal vera jamn, og frukta skal vera rein og heil utan sprekkar. Mogen sharon vil ha ein noko mørkare farge enn mindre mogen og gi lett etter for trykk. Av og til kan sharon ha brune flekker i skalet og i fruktkjøtet. Dette treng ikkje tyda på at det er noko feil på frukta, men kjem av det høge innhaldet av sukker og av at ho er fullmogen. Ho bør då raskt etast.

Lagring

0–4 °C. Haldbarheita er avhengig av kor mogen frukta er. Temperaturen er også med på å påverka kor raskt mogninga skjer. Ein heilt mogen og glasaktig sharon har kort haldbarheit og bør etast raskt. I romtemperatur er haldbarheita maksimum éi veke om han ikkje er fullmogen. Sharon eignar seg ikkje til frysing.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter