Hopp til innhald

Fagstoff

Papaya

Papaya kjem opphavleg frå Mellom-Amerika, men er i dag vanleg i alle tropiske land. Frukta vi importerer, har form som ei avlang, stor pære, men det finst mange ulike variantar i tropane. Dei største kan bli opptil 8–10 kilo, men dei vi importerer, er på 200–500 gram.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skalet på papayaen er grønt, grøngult og oransje og er ikkje etande. Frukta blir hausta i umogen tilstand og må mognast fram under distribusjon. Når ho er mogen, er ho mjuk, og dei fleste variantane i handelen er meir gule enn grøne. Midt i frukta finst eit holrom som er fullt av små, runde og svarte kjernar som ikkje er etande.


Fruktkjøtet er saftig, søtt og aromatisk med ein konsistens som kan minne om melon. Fargen på fruktkjøtet er gult eller lakseraudt, og smaken er søt og minner om ei blanding av melon og pære, men er noko nøytral fordi han manglar syre. Mogen papaya kan ha små flekker og arr og skal gi etter for lett trykk.

Bruksområde

Jente et fruktsalat. Foto.

Vi deler papaya i to og fjernar kjernane i midten. Vi et han deretter direkte med skei eller deler han først i skiver eller båtar. Vi framhevar smaksaromaen om vi dryp nokre dropar sitron eller lime over fruktkjøtet. Frukta kan serverast som dessert eller etast åleine som eit lite mellommåltid. Ho kan også nyttast som tilbehøyr til kjøt og fisk. Umogen papaya kan nyttast som grønsak, steikt eller kokt.

Næringsinnhald

I dyrkingslanda et dei gjerne papaya til frukost, sidan frukta skal ha ein god mageregulerande effekt. Papaya inneheld eit enzym kalla papain som har proteinspaltande eigenskapar. Frukta er også rik på A- og C-vitamin og kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Papaya skal ikkje haustast for tidleg, for da kan han bli vanskeleg å mogne fram. Han bør derfor ha gule sjatteringar i skalet. Frukta skal vere heil og fri for sår og skadar, og han skal ikkje ha mørke eller mjuke flekker. Etemogen papaya er vanlegvis meir gul enn grøn.

Lagring

8–12 °C. Kor haldbar papaya er, kjem an på kor mogen han er. Han må ikkje utsetjast for låge temperaturar, sidan det hindrar vidare mogning. Ein mogen papaya har ganske kort haldbarheit.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter