Hopp til innhald

Fagstoff

Druer

Drue kjem opphavleg frå Asia, der ho har vore kjend i over 5000 år. Ho er dermed ei av dei eldste fruktene vi kjenner. I dag er drue ei av dei mest dyrka fruktene i verda.
Modne druer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst tusenvis av druesortar, og mest vanleg er det å skilja mellom grøne, raude og blå, og mellom borddruer og vindruer.

Berre ti prosent av det som vert hausta av druer, går til direkte konsum. Heile 80 prosent går til vin- og brennevinsproduksjon og resten til rosiner, saft og hermetikk. Smak, konsistens og storleik varierer avhengig av sort, og det finst også steinfrie variantar. Druer mognar ikkje etter hausting og skal derfor haustast mogne.

Bruksområde

Ein bolle med diverse frukt. Foto.

Vi et druer naturelle som forfrisking, i fruktsalat, til ost eller dessert. Dei har fin smak og passar til fjørfe og steikt kjøt. Bruksområdet er stort, og dei er i tillegg dekorative på fruktfatet.

Næringsinnhald

Druer inneheld mineral som fosfor, jern og kalsium. Frukta inneheld også druesukker som raskt vert teke opp i blodet.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Druer skal vera heile, faste og reine utan støytskadar eller sprekker. Dei skal vera saftige og sitja fast på stilken.

Lagring

0–2 °C. Haldbarheita til druer varierer mykje frå sort til sort. Under gode lagringsforhold kan druer oppbevarast i fleire veker utan å ta skade

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter