Hopp til innhald

Fagstoff

Guava

Guava kjem opphavleg frå dei tropiske områda av Sør-Amerika, der han framleis veks vilt. I dag vert han dyrka mange stader i tropane. Guava finst i mange ulike variantar. Han har rund eller pæreforma fasong og er på storleik med ein sitron.
Heile og oppdelte guava frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skalet er blankt og litt ru i overflata, og fargen varierer frå lysgrøn til gul. Fruktkjøtet kan vera kvitt, lyst gult eller rosa. I midten av ein guava er det ei mengd små, harde frø. Når guava er mogen, gir han frå seg ei intens aromatisk duft og gir etter for eit lett trykk. Smaken er svært søt og aromatisk.

Bruksområde

Guava vert eten naturell. Skalet er seigt og ikkje etande. Guava kan nyttast i fruktsalatar eller til fyll i kaker. Guava kan også delast opp i bitar og serverast på fruktfat saman med andre eksotiske frukter til dessert.

Næringsinnhald

Guava har eit høgt innhald av mineral som jern og kalium. Frukta er kalorifattig. Guava har eit høgt innhald av A-, B- og C-vitamin. Størstedelen er C-vitamin. Innhaldet er fem gonger høgare enn i appelsin. Guava er med andre ord ei vitaminbombe!

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Guava skal vera heil og utan sår eller støytskadar. Når han er tilstrekkeleg mogen, skal han gi frå seg ei søtleg, aromatisk duft.

Lagring

8–12 °C. Kor haldbar han er, er avhengig av kor mogen frukta er. Ein mogen guava har ganske kort haldbarheit. Guava bør ikkje lagrast for kjølig, då han lett kan få kuldeskadar.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter