Hopp til innhald

Fagstoff

Cherimoya

Cherimoya har frå gammalt av vore dyrka av inkafolket i Equador og Peru. Frukta finst no også i landa kring Middelhavet og i Asia. Cherimoya veks på tre og har anten oval eller hjarteforma i fasong.

Tre heile cherimoya og ein delt i to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frukta er lys grøn i fargen, men mørknar noko etter kvart som ho vert mogen. Skalet er tynt med ein skjelaktig struktur.

Fruktkjøtet er gulkvitt og har ein mjuk, kremaktig konsistens med svarte kjernar. Smaken er delikat og kan skildrast som ei blanding av ananas, jordbær og banan. Kvar frukt er sett saman av mange små samanvaksne frukter. Cherimoya er rekna for å vera ei av dei aller beste fruktene som finst.

Bruksområde

Cherimoya er ei dessertfrukt. Vi kan servera ho i halvdelar og eta ho naturell frå skalet med skei. Det er best å servera ho kald. Før servering skjer vi frukta på langs og tilset nokre dropar sitronsaft for å hindra misfarging av fruktkjøtet. Kjernane skal ikkje etast og er lette å fjerna. Cherimoya er god i fruktsalat saman med andre tropiske frukter. Han kan også nyttast i milkshake, til fromasj, til is eller i sorbé.

Næringsinnhald

Cherimoya er ei frukt rik på kaloriar. Ho inneheld også ein del C-vitamin og druesukker. Likevel er det eigenarten og den svært delikate aromaen som er den store fordelen med denne frukta.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Cherimoya skal ha jamn farge og vera fri for mekaniske skadar og flekker. Mogen cherimoya har ein noko mørkare farge og gir etter for lett trykk.

Lagring

14–15 °C. Cherimoya bør oppbevarast på lik linje med bananar. Mogen vare har kort haldbarheit, og umogen vare kan mognast i romtemperatur. Må ikkje plasserast på kjølerom.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Blautfrukter