Hopp til innhald

Fagstoff

Fiken

Fiken blir dyrka i området rundt Middelhavet og i Brasil. Han er dropeforma i fasong, og fargen på skalet kan variere mellom dei ulike sortane. Mest vanleg er lysegrøn eller raudblå fiken. Fruktkjøtet er mjukt og saftig og fullt av små etande kjernar.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Fikenen har eit høgt naturleg sukkerinnhald, og smaken kan skildrast som søt og syrleg med ein snev av nøtt. Skalet består eigentleg av kronblada til blomsteren. Fiken er ei svært gammal frukt og er omtalt i både Det gamle og Det nye testamentet.

Kittmogna ost og fiken. Foto.


Bruksområde

Fersk fiken er først og fremst ei dessertfrukt som blir eten . Fersk fiken passar også godt til eit ostebord. Han kan anten delast i to eller skjerast i skiver eller båtar. Mosa fruktkjøt er svært godt blanda med fruktkjøt frå pasjonsfrukt og smurt på varme pannekaker. Fiken kan også nyttast til kalde kjøtretter eller som garnityr til is.

Næringsinnhald

Fiken inneheld ficin, eit proteinspaltande enzym som er bra for fordøyinga. Fiken er også rik på A- og B-vitamin og inneheld ein del kalium. Det høge fiberinnhaldet gjer fiken gunstig for fordøyinga.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Fiken skal vere mogen og gi etter for lett trykk. Han bør vere rein og fri for sprekkar eller støytflekker. På overflata av frukta finst det ofte eit pulveraktig belegg som er heilt naturleg. Dei mest mogne og beste fikenane er normalt dei som er mørkast i fargen.

Lagring

0–4 °C. Mogen frisk fiken har kort haldbarheit og bør etast så fort som råd. Fiken må lagrast kjølig og vernast mot direkte lufttrekk. Fiken må også handterast forsiktig. Han får svært lett trykk- og støytskade.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter