Hopp til innhald

Fagstoff

Melonar

Vi har to hovudgrupper av melon: sukkermelon og vassmelon. Sukkermelon har eit kjernehus i midten, medan vassmelonen har kjernane i fruktkjøtet dersom han ikkje er steinfri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sukkermelon blir mest nytta til forrett, i fruktsalatar eller til dessert, medan vassmelon blir nytta som forfrisking, forrett eller dessert.

Variantar

Dame et vassmelon. Foto.

Det finst mange typar melon på marknaden. Av sukkermelonane kjenner vi best igjen variantane honningmelon, nettmelon, galiamelon, kantaluppmelon og ogenmelon. Sukkermelon høyrer til graskarfamilien, saman med mellom anna agurk, graskar og squash. Dei ulike melonsortane blir marknadsførte under sortsnamn, og det er ikkje lett å halde greie på kva gruppe dei ulike melonane høyrer heime i. Sortane varierer sterkt i form og farge – nokre er heilt runde, andre avlange. Nokre er glatte i skalet, andre er stripete, og andre igjen er dekte av eit nettmønster. Fruktkjøtet er anten kvitt, grønt eller oransje.

Bruksområde

Vi deler melonen i to og skrapar ut alle frøa i midten med ei skei. Deretter kan vi dele melonen i mindre bitar, skjere fruktkjøtet laus frå det tjukke skalet og servere han slik. Eit fint serveringstips er å losne fruktkjøtet frå skalet og servere det liggjande oppå skalet. Vi kan òg kutte melonen i bitar og ha han i ein fruktsalat eller ete han . Melon er dessutan nydeleg til forrett saman med spekeskinke.

Næringsinnhald

Melon er kalorifattig og inneheld lite sukker trass den søte smaken. Han inneheld noko A- og C-vitamin i tillegg til kalsium og andre mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Melon må vere fast i konsistensen med eit hardt skal, og han må vere fri for skadar og mørke flekker. Eit teikn på god kvalitet er at melonen er tung i høve til storleiken. Når sukkermelon er mogen, kjem det fram ein synleg ring kring stilkfestet. Melonen duftar då også sterkare, og fruktkjøtet gir etter for lett trykk.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter