Hopp til innhald

Fagstoff

Ananas

Ananas går under nemninga tropisk frukt og kom til Europa med Kristoffer Columbus. I Brasil veks han framleis vilt. Frukta veks på ein stengel omkransa av ein bladrosett og blir hausta heile året.
Babyananas og store ananas på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ananas består eigentleg av over 100 individuelle bær samla rundt ein treaktig stilk som blir avslutta med ei bladkrone.

Ananas er tilgjengeleg i Noreg heile året i fleire storleikar. Dei minste blir kalla miniananas og veg frå 2 til 3 hekto. Dei største er søtare fullvaksne ananas på rundt 2 kilo. Skalet på ananasen er skjelprega, tørt og sprøtt, medan fruktkjøtet er saftig og har ein frisk og syrleg smak.

Bruksområde

Eit glas med piña colada plassert i ei kokosnøtt. Foto.

Vi kan nytte ananas i både kjøt- og fiskeretter. Ananasen kan også nyttast til salatar og dessertar, eller han kan etast åleine som eit mellommåltid. Den søte, syrlege og friske smaken gjer at han faktisk passar til det meste. Vi kan lage til ananas på fleire måtar. Eit alternativ er å kutte han opp i båtar og servere han med skal. Han kan også reinskast for skal og delast i skiver eller endå mindre bitar. Ananas smakar godt til kyllingsalat og som pynt på smørbrød.

Eigenskapar

Ananas er kalorifattig. Han inneheld mykje A-vitamin og ein god del C-vitamin. Ananas inneheld også bromelin, som er eit proteinspaltande enzym. Det blir hevda at dette kan hjelpe somme med fordøyingsprosessen, men det er ikkje dokumentert. Ananas skjerpar også appetitten til den som har lite matlyst.

Næringsinnhald

Bilde av bakt ananas servert med kokossorbé. Foto.

Ananas er ei god kjelde til C-vitamin. Han inneheld enzym som styrkjer immunsystemet, og som kan førebyggje nokre krefttypar.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

All ananas er mogen når han blir hausta. Sukkerinnhaldet blir nøye målt før hausting, slik at han skal oppfylle minimumskravet. Ein ananas bør vere tung i høve til storleiken, og han bør vere velforma og sjå frisk ut. Kronblada skal også vere grøne og friske. Fargen på ananas kan variere frå grøn til gul. Ein mogen ananas kan vere grøn.

Lagring

8–20 °C fremjar mogning, medan 4–8 °C er best for lagring av mogen vare.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter