Pepino
Undervegs i mogningsprosessen skiftar umogen pepino farge frå grønkvit til gul. Fruktkjøtet er gult, saftig og mjukt, som oftast heilt utan kjernar. Skulle det finnast kjernar, kan dei etast. Smaken er nydeleg og aromatisk og kan minna om ei blanding av pære, aprikos og melon.
Pepino er god å eta naturell. Han kan kuttast i båtar og serverast saman med røykt skinke eller spekemat. Vi kan dela frukta i to og fylla holrommet i midten med bitar av jordbær og kiwi saman med litt portvin og servera ho til dessert. Ein kan også kutta ho i bitar og ta ho med i fruktsalat. Umogen pepino kan nyttast som grønsak.
Pepino er kalorifattig. Han inneheld noko A- og C-vitamin i tillegg til noko jern. Vi har ikkje nokon fullstendig næringstabell for pepino.
Pepino skal vera fast utan mjuke flekker eller teikn til mugg eller sprekker i skalet. Mogen pepino gir lett etter for trykk og er gul med lilla striper.
4–6 °C. Pepino har ganske god haldbarheit og kan halda seg i fleire veker. Haldbarheita er noe avhengig av mogningsprosessen. Pepino har lett for å få støytskadar. Han bør derfor behandlast forsiktig.