Hopp til innhald

Fagstoff

Kiwi

Kiwi kjem opphavleg frå Kina. Han veks på tre og blir no dyrka fleire stader i verda, men vi kjenner kiwi best frå New Zealand. Namnet kiwi kjem frå fuglen med same namn. Han er eit nasjonalsymbol på New Zealand.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kiwi er botanisk sett eit bær, og smaken – som er frisk og syrleg – kan minne mykje om stikkelsbær. Inga anna eksotisk frukt har erobra verda i same grad som kiwi har gjort, og det har mykje med den gode haldbarheita å gjere.

Variantar

Det har etter kvart vorte fleire variantar på marknaden, og vi har i dag kiwi med både grønt og gult fruktkjøt. Frukta har eit brunt, hårete skal, og fruktkjøtet inneheld mange kjernar som kan etast. Kiwiane blir hausta før dei er ferdig mogna, og mognar vidare under distribusjon.

Gul kiwi er ei vidareutvikling frå grøn kiwi, men med andre eigenskapar. Også denne varianten er henta frå Kina og utvikla vidare på New Zealand. Gul kiwi inneheld ikkje enzymet actinidin, og frukta er derfor mindre syrleg. Gul kiwi har eit glatt, tynnare skal og er ikkje hårete som grøn kiwi. Smaken er tropisk søt og kan minne om ei blanding av mango, banan og melon. Fruktkjøtet er gult med små, etande, raudsvarte kjernar. Fasongen er litt avlang med ein liten knopp i enden. Gul kiwi kan etast med skalet på eller på same måten som vanleg kiwi. Han blir importert frå New Zealand i perioden frå juni til november.

Det finst også ein minikiwi. Søk på kiwai i leksikonet for å lese meir.

Bruksområde

Fruktsalat med kiwi. Foto.

Kiwi blir eten . Vi deler han i to og et han med skei som eit blautkokt egg. Den nyare typen gul kiwi som har kome på marknaden, kan etast med skalet på. Kiwi kan nyttast i fruktsalat, til ost og til steikte kjøtretter. Kiwi blir også nytta til å pynte kaker med. Grøn kiwi må ikkje nyttast i gelé sidan han gjer at geleen ikkje stivnar.

Næringsinnhald

Kiwi inneheld dobbelt så mykje C-vitamin som appelsin. Grøn kiwi inneheld også eit proteinspaltande enzym, actinidin, som er bra for fordøyinga. Dette stoffet gir også frukta den eigenskapen at kjøt kan mørnast om vi legg nokre skiver kiwi på det.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Kiwi skal vere heil, fast og fri for mørke flekker. Skalet skal vere utan rynker eller skrukkar. Kiwi er mogen når han gir etter for lett trykk.

Lagring

0–2 °C. Kiwi har svært god haldbarheit når han er umogen. Han må då lagrast kjølig og vernast mot etylengass og trekk. Mogen kiwi har noko dårlegare haldbarheit, men kan tole lagring i fleire dagar ved låg temperatur.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter