Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er avfall?

Når ein arbeider innanfor restaurant- og matfagbransjen, oppstår det avfall i samband med produksjon og sal av mat og drikke. Det er viktig at du veit kva du skal gjere med dette avfallet .
Svarte søppeldunkar på rekke utanfor eit gjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg genererer vi over 11 millionar tonn avfall kvart einaste år, og mengda avfall veks. Dei ulike bestanddelane i avfallet kan skade helsa vår, og derfor må vi ha fokus på kjeldesortering, gjenbruk og ei sikker sluttbehandling. I Noreg blir det kasta mat for mange milliardar kroner. Dette er verken berekraftig, lønnsamt eller etisk forsvarleg.

Avfall

Definisjonen på avfall er gjenstandar eller andre stoff som er kasta, som ein har til hensikt å kaste, eller noko ein er forplikta til å kaste. Men avfall er ikkje berre søppel. Det har kanskje mista den opphavlege verdien sin, men representerer ein viktig ressurs ved gjenvinning.

Avfall inneheld mange ulike stoff og komponentar. Derfor er det viktig å vite kva vi skal gjere med ulike former for avfall vi får når vi skal arbeide med produksjon og servering av mat og drikke.

Gjennom bruk av kjemiske produkt kan avfallet øydelegge naturen og påverke helsa til både menneske og dyr på ein negativ måte. Eit godt døme på dette er plast. Store oppsamlingar av plast i naturen er eit kjent fenomen, og dei siste åra har det vore mykje dugnadsarbeid for å fjerne søppel som ligg i vasskanten.

Vi skil mellom ulike typar avfall:

  • Hushaldsavfall er avfall frå private hushald.
  • Næringsavfall er avfall frå anten offentlege eller private verksemder eller institusjonar.
Omvend pyramide i blåtonar. Frå øvst (breiast) til nedst (spissen på pyramiden) står det "mindre avfall", "gjenbruk", "gjenvinning", "energi" og "deponi". Illustrasjon.

Avfallspyramiden gir oversikt

For å bruke ressursar godt kan avfallspyramiden vere eit nyttig verktøy. Avfallspyramiden blir brukt for å synleggjere avfallspolitikken i Noreg og EU.

Målet er at vi skal halde oss så nært det øvste "trinnet" i pyramiden som mogleg. Viss vi klarer det, kan vi oppnå best mogleg bruk av ressursane våre. Det er lønnsamt både når det gjeld miljø og økonomi.

Kjeldesortering

Kjeldesortering betyr at avfallet blir sortert i ulike kategoriar. Når du arbeider på verkstaden, er det viktig at du sorterer plastavfall i eigne boksar, legg glas og hermetikk i eigne boksar, og skil papp-, papir- og matavfall. Grunnen til at vi skal kjeldesortere avfallet, er at vi skal oppnå størst mogleg grad av gjenvinning. Gjennom kjeldesortering kan avfallet bli til nye råvarer.

All emballasje skal kjeldesorterast før han går til kommunen sitt eige avfallsdeponi. Ulike område i Noreg har ulike rutinar for korleis denne kjeldesorteringa skal gå føre seg. Det er viktig at du kjenner til dei ulike reglane for kjeldesortering der du bur og arbeider.

Kollasj med emballasjemerka for metall, glas, papir, papp og plast. Illustrasjon.

Gjenvinning og resirkulering

Både gjenvinning og resirkulering handlar om at vi tek vare på ressursane i avfallet og bruker dei om att som råvarer til å lage nye produkt. Denne måten å bruke avfallet på gjer at naturressursane som allereie er tekne ut, får lengre levetid, og vi avgrensar uttaket av nye naturressursar. Fleece er eit godt døme på gjenvinning av plastmateriale.

Når vi resirkulerer glasflasker, kan ein produsere nye glasflasker. Resirkulert glas kan mellom anna brukast som råstoff til isolasjon. Metall frå hermetikkboksar blir smelta om til nye metallprodukt. Matavfall kan bli til biogjødsel eller kompostjord. Gjennom resirkulering kan vi bruke materiala fleire gonger i staden for å bruke opp ressursane frå naturen.

Gjenbruk eller ombruk

Gjenbruk blir ofte brukt i samband med innsamling av klede og er eit fint miljøtiltak for å redusere avfall. Det er fleire bedrifter som nyttar seg av innsamla klede. Fine klede kan brukast om att utan å bli endra på og bli selde på utsalsstader som mellom anna Fretex. Alternativt blir kleda sende til andre land som bistand. Klede som er øydelagde eller som ikkje kan brukast om att, blir ofte brukte som filler til industrien eller for å lage nye materiale.

Utskiljing av avfall

Reingjeringsmiddel blir òg definert som avfall. Som fagarbeidar må du kjenne til kva som er lov og kva som er forbode å tømme i vasken eller sluket. Restar etter reingjeringsmiddel som vi tømmer ut, vil forureine naturen. Vi må derfor vere kritiske til kva vi tømmer ut i sluket.

Frå avfall til ressurs

I Noreg har vi gode avfallssystem som gjer at mykje av det vi kastar, kan vinnast att og brukast på nytt. Slik er det dessverre ikkje i alle land i verda i dag.

CC BY-SASkrive av Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Avfall og miljø