Oppgåve
Utnytting av råvarer
Finn ut korleis du kan avgrense svinn av råvarer.
De skal lære korleis de kan utnytte ei råvare for å avgrense og/eller unngå matsvinn.
Slik gjer de:
- Sjå YouTube-filmen 5 hacks som redder grønnsaker og frukt for inspirasjon.
- Gå saman i mindre grupper.
- Vel ut nokre råvarer de meiner har mykje matsvinn.
- Lag ein film om kva de kan gjere for å bruke opp mest mogleg av desse råvarene. Målet er minst mogleg matsvinn!