Film og filmklipp
Matsjokket: Ronny og Tuvas grønnsakssjokk
I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden får Ronny Brede Aase og Tuva Fellman sjokk når dei får vite kor mange grønsaker som går rett i søpla.
Korleis er situasjonen heime hos dykk sjølve? Kastar de mykje frukt og grønsaker? Kva kastar de mest av?
Kva synest de om at tonnevis av grønsaker blir kasta fordi dei har feil form eller storleik?
Når du skal lage mat i store mengder, vil ikkje då krokete grønsaker og små laukar gi oss ekstra arbeid som kostar både tid og pengar?
Når vi vaskar til dømes gulrot og potet, blir haldbarheita redusert, noko som kan føre til auka matsvinn. Diskuter: Må vi ha vaska vare i butikk?
Har de nokon slappe grønsaker på kjøla? Test trikset med å legge dei slappe grønsakene i isvatn. Fungerer det?
Få tak i nokre krokete og utsorterte grønsaker, og lag retten med gulrot i lomper som vist i filmen. Oppskrifta finn du hos NRK.