Hopp til innhald
Film og filmklipp

Matsjokket: Hivjus sauesjokk

I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden gir han Gry og Kristofer Hivju i oppdrag å føre sauen tilbake til det norske kjøkkenet.

Før de ser filmen:

  • Ta ei handsopprekking i klassen: Kor mange har ete sau?

  • Diskuter i klassen: Kva slags inntrykk har de av sauekjøtt?

Etter filmen:

  • Reflekter saman i klassen: Kva tenker de om dei store lagera med sauekjøtt som står i fare for å bli kasta som mat fordi forbrukarane helst vil ha lamma?

  • Søk på nettet og i andre kjelder: Kva er hovudforskjellen mellom sau og lam?

  • Kva kan sauekjøtt eigne seg til? Søk på nettet og i oppskriftsbøker. Finn nokre oppskrifter de synest ser freistande ut.

  • Fordel oppskriftene i klassen, og lag ulike rettar med sauekjøtt. Smak på dei ulike rettane. Kva synest de? Er sauekjøttet godt å ete?

  • Er det stor forskjell i smak på sau og lam?

  • Kunne de tenke dykk å ete meir sau etter å ha smakt på dei ulike rettene?