Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kjeldesorterer vi på eit kjøkken?

Det er viktig å sortere avfall rett, både heime og på eit storkjøkken. Målet er å gjenvinne mest mogleg av avfallet.
Kokkar i arbeid på eit storkjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Systemet for avfallssortering kan variere frå kommune til kommune, men målet er alltid at mest mogleg av avfallet skal sorterast og gjenvinnast.

Oversikt over avfallstypane som til vanleg blir sorterte

Papp og papir

Emballasjemerke for papp. Piktogram.

På eit kjøkken er det meste av papp- og papiravfallet emballasje. Før emballasjen blir kasta, er det viktig at han er fri for matrestar og anna smuss, og at han er bretta saman for å ta minst mogleg plass. Enkelte kjøkken sorterer papir, drikkekartongar og papp separat, andre skil ikkje mellom dei tre typane. Felles for alt papp- og papiravfallet er at det blir sendt til eit gjenvinningsanlegg slik at det blir til ny emballasje eller til nytt papir.

Glas og metall

Emballasjemerke for glas. Piktogram.

Matvarer som er pakka i glas- eller metallemballasje, har ofte lengre haldbarheit. Derfor er desse emballasjetypane mykje brukte. Enkelte kjøkken sorterer glas og metall kvar for seg, andre sorterer dei to emballasjetypane samla. Både glas- og metallemballasje må vere vaska og fri for matrestar før emballasjen blir sortert og gjenvunnen. Drikkeglas, koppar og lyspærer må ikkje sorterast som glas eller metall.

Plastemballasje

Emballasjemerke for plastemballasje. Piktogram.

Plastemballasje skal sikre råvarer og andre matvarer under transport eller auke haldbarheita. Produkt i plast og plastemballasje blir ikkje sorterte som same type avfall. For plastemballasje gjeld det same som for all annan emballasje: Plasten må vere vaska og fri for matrestar før han blir kasta. Mykje av plastemballasjen blir gjenvunnen til ny emballasje, ein del av plasten blir brend. Det er viktig at plast og plastemballasje ikkje endar opp i naturen. Per i dag veit vi ikkje om plast nokon gong vil brytast ned fullstendig, og uansett skapar plast i naturen store miljøutfordringar.

Matavfall

Emballasjemerke for matavfall. Piktogram.

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. På eit storkjøkken blir det mykje matavfall, til dømes skrell, skrottar, grut, eggeskal og bein. Målet er alltid å bruke mest mogleg av ei råvare slik at minst mogleg blir kasta. Emballasje og ikkje-nedbrytbart materiale må fjernast frå matrestane og ikkje bli kasta i matavfallet. I mange kommunar blir matavfall levert til forbrenningsanlegg som produserer energi og varme av avfallet. Nokre stader kjem bønder og hentar matavfallet og bruker det som dyrefor. Her finst det strenge reglar, som blir handterte av Mattilsynet.

Emballeringsmerke for metallemballasje. Piktogram.

Spesialavfall (elektronikk, batteri og metall)

Spesialavfall blir levert til eigne deponi eller gjenvinningsanlegg. Også behandlinga av spesialavfall noko ulik i dei enkelte kommunane og fylkeskommunane, men målet er at mest mogleg av spesialavfallet skal komme til nytte. Det er òg viktig å unngå at denne typen avfall endar opp i naturen.

Farleg avfall

Emballasjemerke for farleg avfall. Piktogram.

På eit storkjøkken vil det vere ein del avfall som må behandlast på ein måte som gjer at han ikkje blir ein fare for elevar, tilsette og miljøet. Det kan vere måling, vaskemiddel, olje eller gassflasker. Farleg avfall skal behandlast etter ei godkjend risikovurdering i IK-matsystemet til bedrifta eller skulen.

Restavfall

Emballasjemerke for restavfall. Piktogram.

Målet med all kjeldesortering er at minst mogleg skal hamne i restavfallet. Om vi sorterer rett, skal det ikkje vere så mykje restavfall. Mykje av restavfallet må sorterast endå ein gong før det eventuelt blir brent til produksjon av energi.

Les meir om kjeldesortering på sortere.no.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Avfall og miljø