Arbeidsoppdrag
Berekraft og ressursutnytting
Når omtrent kvar femte bereposer vi fyller med mat, blir kasta, gir det utfordringar med omsyn til økonomi og berekraft. På eit kjøkken har riktig bruk av råvarene mykje å seie for matsvinnet. Øv på å jobbe praktisk på kjøkkenet på ein måte som minskar svinnet og gir best mogleg ressursutnytting.
Kom med forslag til korleis ein på ein god og effektiv måte kan hindre at mat blir kasta, ved bruk av
- kutteteknikk
- restprodukt (kan vi lage noko av restprodukt etter til dømes oppdeling og kutting?)
- mengdeutrekning
- kvalitetsvurdering av råvarer og produkt
Du skal lage eit måltid til fire personar av desse råvarene:
- 1 heil kylling
- 300 g gulrot
- 100 g sellerirot
- 1 blomkål
- 1 brokkoli
- 2 sjalottlauk
- 400 g poteter
- 2 dl fløyte
- 1 fersk timian
- salt, pepar og krydder som finst på kjøkkenet ditt
Lag ein arbeidsplan og planlegg slik at minst mogleg mat blir kasta. Du vel sjølv kva for tillagingsmetodar du vil nytte. Den maten som blir kasta, skal du vege opp slik at du veit kor mange gram som eventuelt blir kasta. Du skal servere måltidet til fire personar. Når du ryddar av bordet, skal du vege opp dei eventuelle matrestane som blir kasta.