Kor mykje mat blir kasta?
Oppgåve 1:
Kor mykje mat blir kasta i løpet av to veker i undervisinga?
Veg matavfallet, og noter resultatet i eit skjema når undervisinga er ferdig. Set opp forslag til tiltak som gir mindre matavfall.
Oppgåve 2:
Kor mykje mat blir kasta i kantina i løpet av ei veke?
Veg matavfallet, og noter resultatet i eit skjema etter at kantina er stengd. Set opp forslag til tiltak som gjer brukarane meir bevisste før dei kastar mat.
Oppgåve 3:
Gå til Sortere avfall (sortere.no), og sjå kva som skjer med avfallet der du bur.
Sjekk kva som skjer med matavfallet, på Loop (loop.no).
Gruppearbeid:
Vel ein bransje, og set opp forslag til korleis denne bransjen kan bidra til å redusere avfallsmengda og ta vare på miljøet. Vel eitt av forslaga, og lag ein konkret plan for korleis dette kan utførast i praksis.
Presenter forslaget for resten av klassen.