Hopp til innhald

Fagstoff

Matsjokket: Noobworks banansjokk

I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden blir gamerkongen Joachim Haraldsen utfordra til å kaste færre bananar.

Før de ser filmen

Diskuter i klassen

  1. Sjå på biletet under. Korleis liker de bananane best? Kvar vil de plassere dykk sjølv på "bananskalaen"?

  2. Svar på spørsmålet "Korleis liker du bananane best?" og ta ei handsopprekking. Kva finn de ut? Kva betyding har resultatet i klassen for problemet med matkasting?

Fem bananer i ulike modningsstadier, fra grønn til brun. Illustrasjon.
  1. Gjett kor mange bananar som blir kasta i gjennomsnitt kvar dag

    1. i norske butikkar

    2. i heimane våre

Samanlikn det de gjetta med fasiten nedst på sida. Korleis gjekk det? Gjetta de meir eller mindre enn det som var rett? Kva tenkjer de om at det blir kasta så mange bananar?

  1. Kaster de mat heime? Kva slags type mat kastar de mest av?

  2. Kvifor kastar vi så mykje mat, trur de?

Etter at de har sett filmen

  1. Kvifor blir det kasta så mange bananar?

  2. Finn ut om det blir like kasta mykje av andre typar mat.

  3. Kvifor er det problematisk at vi kastar mat?

  4. Diskuter: Kva tiltak for å kjempe mot matkasting kjenner de til?

  5. Disktuter påstanden: "Viss maten i Noreg var dyrare, kunne vi redusert mengda mat som blir kasta".

  6. Kva er dumpster diving?

  7. Kunne du tenkt deg å prøve dumpster diving?

  8. Kva skjer viss "alle" byrjar med dumpster diving?

  9. Kva trur de dei som driv med dumpster diving prøver å oppnå?

  10. Dumpster diving er ulovleg. Kvifor – trur de?

Planlegg vidare arbeid

  • Kva kan de tenkje dykk å finne ut meir om etter å ha sett denne filmen?

  • Fekk de nokon idéar til prosjekt de kan gjennomføre på skulen eller heime? Kva skjer til dømes med skulefrukta som ikkje blir eten opp?

  • Har de idéar de vil teste ut som kan bidra til at vi kastar mindre mat?

  • Å kaste mat er berre ein del av puslespelet om berekraftig mat. Kva andre faktorar speler inn?

Så mange bananar blir kasta kvar dag!

I norske butikkar: 40 000 bananar

I norske heimar: 100 000 bananar

CC BY-SASkrive av Therese Hansen Federl og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Avfall og miljø