Hopp til innhald

Fagstoff

Konservatismen

Konservative tankar byggjer på idéen om at raske endringar av samfunnet ikkje nødvendigvis er eit gode og lett kan føre til kaos. Tidlege konservative tenkjarar hadde større tiltru til tradisjonelle autoritetar, som kyrkje og kongemakt, enn til fridommen og medråderetten til enkeltmennesket.
Teikna portrett av Burke. Han har parykk med krøllar og eit tørkle i halsen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å verne samfunnet

Tidlege konservative tenkjarar meinte at samfunnsutviklinga hadde skjedd gjennom ein evolusjon der alle samfunnsmedlemmene fekk sin naturlege plass i samfunnshierarkiet. Å verne, eller konservere, samfunnet slik det var, vart viktig for konservative tenkjarar. Konservatismen ønskte likevel reformer, men at endringane skulle skje gradvis og utan å fjerne seg frå dei tradisjonelle verdiane i samfunnet.

Samfunnet som organisme

Tankane om mennesket og samfunnet i konservatismen bygde på førestillinga om at tradisjon og sedvanar inneheldt meir visdom og erfaring enn idéane og teoriane til enkeltpersonar. Dei konservative har derfor hatt større tiltru til naturlege autoritetar og tradisjonar enn til fridommen og fornufta til enkeltmennesket. Grunngivinga ligg i trua på at samfunnet er ein kompleks organisme der alle individ og sosiale klassar er ein del av eit naturleg hierarki. Å endre dette var for dei konservative direkte meiningslaust og ein trussel mot ordenen i samfunnet.

Samfunnsorganismen danna til saman fellesskapen der ulike individ og samfunnsgrupper hadde funne sin naturlege plass. Dei konservative meinte at menneska var ulike, og det rettferdiggjorde at arbeidsfordeling, klasseskilje og økonomiske forskjellar både var nødvendig og naturleg. Slik kunne halde oppe sine naturlege posisjonar og forsvare sine særrettar og privilegium i samfunnet. Likevel hadde alle individ rett til liv, men samfunnet som organisme fungerte best når individa heldt fram med å vere på sin naturlege plass.

Eit sentralt poeng for konservatismen var at raske samfunnsendringar ikkje var til det beste for samfunnsmedlemmene. Artikkelen Terroren under den franske revolusjonen viser kva som hendte viss ein fjerna naturlege tradisjonar. Konsekvensane såg ein ikkje før skaden hadde skjedd. Derfor argumenterte dei konservative med at det var viktig "å reformere for å verne". Tanken var at mindre og trinnvise endringar var å føretrekkje framfor revolusjon. Då unngjekk ein å øydeleggje gode sider ved dei samfunnsinstitusjonane som hadde fått utvikle seg og tilpasse seg over tid.

Stat og "demokrati"

For konservative tenkjarar er statsformer som har utvikla seg naturleg, dei beste for samfunnet. For ein pressa adelsstand var konservative idéar eit verkemiddel for å vinne tilbake den tradisjonelle posisjonen til samfunnsgruppa. Derfor argumenterte dei for sterk kyrkje- og kongemakt og for naturlege hierarki som eksisterte før den franske revolusjonen.

Makta skal komme frå folket, men erfaringane frå den franske revolusjonen gjorde at Edmund Burke forkasta folkestyre som styringsprinsipp. Dei tidlegaste konservative tankane om samfunnsstyringa bygde på førestillinga om at det fanst naturleg utvalde menneske som kunne leie massane. Makta skulle komme frå menn med eigedom og personleg sjølvstende. Parlamentet skulle veljast ut blant desse medlemmene. Standpunkta deira og deira personlege kvalifikasjonar skulle avgjere, ikkje allmenn stemmerett og .

Plakaten viser ein soldat med hjelm og har gotisk skrift som oppmodar om å verve seg for fedrelandet. Soldaten har ein trompet i handa.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonen

Nasjonalisme spelte ei betydeleg rolle for liberale tenkjarar i første halvdel av 1800-talet. Målet for liberale nasjonalistar var frigjering og sjølvstyre for nasjonane, og eit statsstyre der eit folkestyre låg til grunn.

I andre halvdel av 1800-talet var konservative idéar framståande i nasjonalismen. Nasjonen var, i auga til dei konservative, det unike og storslåtte ved eige folkeslag. Herleggjering av ens eige folk skapte avstand til andre nasjonar. I sin ytste konsekvens, og ispedd og imperialistisk tankegods, leidde denne oppfatninga oss til "nasjonanes krig" i 1914–18.

Betydninga til konservatismen før og no

Fleire vil hevde at konservatismen ikkje er ein samanhengande ideologi, men eit sett av ulike verdiar for samfunnsgrupper i maktposisjonar. Fascismen og nazismen hadde tydelege konservative verdiar i mellomkrigstida; dei ønskte tradisjonelle kjønnsroller og at makta skulle gå frå ut eigendefinerte "naturlege autoritetar". Det same kan truleg seiast om diktatoriske statsleiarar på venstresida, som såg på endringar som ein trussel mot eigen maktposisjon.

I vår tid speler konservative verdiar framleis ei viktig rolle. Blant verdikonservative innan religiøse miljø ser ein med skepsis på tankane til dei liberale om homofili, abort og andre etter deira skjønn radikale idéar. I si ekstreme form finn vi krefter i IS-tankegangen og blant nynazistiske grupperingar som ønskjer å gjeninnføre samfunnstilstandar og ordningar som eksisterte i fortida.

Tenk over:

Har konservative tenkjarar rett i at raske endringar er ein trussel mot samfunnsordenen?

Relatert innhald

Liberalismen oppstod under opplysingstida på 1700-talet og spelte ei viktig rolle under den franske revolusjonen og i utviklinga av moderne demokrati.

Dei politiske ideologiane oppstod som ein reaksjon på omveltingane som skjedde gjennom opplysningstida og den industrielle revolusjonen.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode