Sosialdemokrati
Eduard Bernstein (1850-1932) hevda at Marx sine føreseiingar hadde slått feil, og at kampen for eit sosialistisk samfunn skulle gå gjennom det etablerte demokratiet og reformere samfunnet derfrå, (…) "siden flertallet av folket tilhører arbeiderklassen er sosialismens seier ugjenkallelig".[1]
Ifølgje sosialdemokratiske tenkjarar kunne overgangen til eit sosialistisk samfunn skje gjennom demokratiske val. Kampen for stemmerett for arbeidarklassa var det siste hinderet på veg mot makta, sidan industriarbeidarane i første halvdel av 1900-talet utgjorde fleirtalet i befolkninga. Med denne makta skulle samfunnet formast om gjennom ulike reformer og regulering. Dette skulle kome ein større del av folket til gode. Sosialdemokratane sine tankar om reformer innanfor det beståande borgarlege demokratiet skapte forakt hos dei revolusjonære kommunistiske partia. Sosialdemokratane blei framstilte som klasseforrædarar av kommunistane, og dei ble kalla «det borgarlege samfunnet sine medløparar».
Synet på 1.verdskrigen skapte eit vedvarande skilje i arbeidarrørsla mellom reformvenlege sosialdemokratar og dei revolusjonære kommunistiske partia. Sosialdemokratiet sine parti støtta i hovudsak nasjonale interesser og stemte for krigen, mens kommunistiske parti vendte seg mot den internasjonale Komintern og verdsrevolusjonen som dei meinte måtte kome. Eit stort fleirtal på landsmøtet i det norske Arbeiderpartiet vedtok i 1920 at «partiet innmeldes, med de forbehold som er tatt i premissene, i Den kommunistiske Internasjonale».
Frå 1933 spelte den sosialdemokratiske retninga i Det Norske Arbeidarpartiet (AP) ei viktig rolle for å styrke demokratiet i Noreg. I regjeringsposisjon bidrog AP til å vedta ei rekkje velferdsreformer. Dette heldt fram etter 2.verdenskrigen, der blandingsøkonomi, omfordeling og utjamning mellom sosiale klasser var klart politisk mål. Den sosialdemokratiske politikken blir i etterkrigstida kjenneteikna gjennom utviklinga av velferdsstaten, der alle nordmenn skulle sikrast eit minneleg liv «frå vogge til grav».
Mot årtusenskiftet kan det stillast spørsmål om den tradisjonelle sosialdemokratiske oppfatninga i AP begynte å endre seg til meir sosialliberal politisk praksis. På mange samfunnsområde har staten sitt engasjement i næringslivet blitt overtatt av private eigarar. I tillegg har ei rekkje statlege institusjonar blitt avvikla, eller blitt utsett for konkurranse. Kravet til budsjettkontroll og effektiv styring i statleg verksemd har auka betrakteleg sidan 1980-talet. Skiljet mellom den sosialdemokratiske og den sosialliberale ideologien er i dag langt meir flytande enn tidlegare, og dei politiske diskusjonane handlar i større grad om prinsippsaker enn rein ideologi.