Prinsipp for fordeling av gode
Rettar vi har som gir oss gode, er blant anna stemmeretten og retten til utdanning. Ved å bruke stemmeretten har du moglegheit til å påverke kven som får makt lokalt eller nasjonalt, og dermed også påverke kven som får ansvaret for fordeling av gode.
Ved å bruke retten til utdanning får du større sjanse til å få deg ein jobb som kan gi deg inntekt, og dermed skaffe deg fleire gode. Når du er i jobb og har ei inntekt, kan du tene opp gode som pensjon og moglegheit for sjukepengar.
Fordelinga av goda i samfunnet kan bli gjennomført etter to ulike prinsipp, som også representerer ytterpunkt:
- etter behov
- etter innsats
I det første høvet vil samfunnet gjennom si fordeling av gode sørgje for at dei som har spesielle behov, får dekt dei, også om dei ikkje har middel til det sjølve. I det andre høvet må kvar enkelt stole på seg sjølv. Dei som har behov, må sjølve gjere ein innsats og skaffe seg dei ressursane dei treng, om dei skal få del i goda.
Arbeidsmarknaden og bustadmarknaden er døme på marknadar der gode blir fordelte, og som dermed påverkar levekåra i befolkninga. Arbeidsmarknaden er i dag kanskje den viktigaste, fordi han har blitt den faktiske “inngangsbilletten” til både bustad- og kredittmarknaden.
Myndigheitene speler ei vesentleg rolle i fordelinga av goda i det norske samfunnet. Gjennom offentlege organ skjer det ei omfordeling (redistribusjon) av gode. Dette skjer
- gjennom ein offentleg politikk som tek sikte på å styre og påverke arbeidsmarknaden, bustadmarknaden, kredittmarknaden eller utdanningsmarknaden
- gjennom utbygging av offentlege velferdstenester
- gjennom økonomisk støtte til hushald og enkeltpersonar