Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ungdomsparti og politiske ideologiar

Korleis kan vi skape eit godt samfunn? Dei politiske partia har ulike idéar og tankar om korleis samfunnet burde organiserast og utformast. Utforsk dei grunnleggande idéane, verdiane og visjonane til ungdomspartia i norsk politikk.
Hand held ei vifte med kort med politiske partilogoar på. Foto.

Utforsk ideologiane

  1. Vel eit politisk ungdomsparti.

  2. Beskriv sentrale kjenneteikn på ideologien til partiet? Bruk gjerne kjeldene lenger ned på sida.

  3. Finn minst to aktuelle politiske saker.

    1. Kva er standpunktet til ungdomspartiet i dei politiske sakene du har valt?

    2. Korleis kan du bruke ideologien til partiet for å forklare standpunktet til partiet i dei aktuelle sakene?

  4. Samanlikn ideologien til partiet med ideologien til eit anna parti. Kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane?

Kjelder du kan bruke

Framstegspartiets ungdom og liberalismen

Høgre og liberalkonservativ ideologi

Unge Venstre og liberal ideologi

Kristeleg Folkepartis Ungdom og kristendemokratisk ideologi


Grønn ungdom og grøn ideologi

Senterungdommen

Arbeidarane si ungdomsfylking og sosialdemokratisk ideologi

Sosialistisk ungdom og sosialistisk ideologi

Raud Ungdom og sosialistisk og kommunistisk ideologi

Fordjupingsoppgåver

  1. Liberalismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på høgresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

  2. Sosialismen er eit viktig utgangspunkt for ideologiane på venstresida i norsk politikk. Utforsk kva som er forskjellane og likskapane mellom ideologiane til Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

  3. Diskuter ideologiane i klasserommet. Del klassen inn i grupper som skal representere kvart sitt politiske parti. Vel nokre aktuelle politiske spørsmål, som økonomisk forskjell og rolla til velferdsstaten, og diskuter spørsmåla i plenum.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2023

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode