Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter rettferdig fordeling

Det er store forskjellar mellom rike og fattige i Noreg og resten av verda. Diskuter og utforsk kva som er ei rettferdig fordeling av gode og byrder i samfunnet ved hjelp av ulike rettferdsprinsipp og etiske teoriar.
Eit fattig barn et ris frå ein bolle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Prinsipp for fordeling

Oppgåve 2. Klasseromsøving om rettferd

I denne oppgåva skal de gjennomføre ei øving for å finne ut kva som er rettferdig fordeling av gode og byrder i samfunnet. Øvinga er laust basert på rettferdsteorien til John Rawls, som er den mest kjende teorien om rettferd i moderne filosofi.

Rawls sin teori om rettferd

Ifølgje den amerikanske filosofen John Rawls er alle menneske frie og likeverdige. Når vi skal fordele grunnleggjande gode som inntekt, yrkesmoglegheiter og politiske og personlege fridommar, må vi derfor gjere det på ein måte som alle i samfunnet kan slutte opp om og vere einige i.

Det betyr at fordelinga må skje på ein upartisk måte som ikkje favoriserer enkeltpersonar eller grupper i samfunnet. Men korleis kan vi få til det i praksis? Viss alle skal vere med å bestemme, vil ikkje alle berre favorisere sine eigne interesser? Vil ikkje dei rike meine det er rettferdig at dei beheld inntekta si, mens dei fattige tvert i mot vil meine at det er rettferdig at dei deler?

For å komme fram til ei upartisk fordeling foreslår derfor Rawls at vi gjennomfører eit tankeeksperiment og stiller oss bak eit "slør av vankunne". Tenk at du ikkje veit noko om kva posisjon du vil bli fødd inn i i samfunnet. Du veit ikkje noko om foreldra dine, kjønn, hudfarge eller kva evner eller ferdigheiter du vil få. Du veit heller ikkje om du tilhøyrer ein religiøs, kulturell eller etnisk minoritet eller majoritet. Kva slags fordeling ville du då velje? Kva rettferdsprinsipp ville du velje å organisere samfunnet etter?

Portrettbilete av John Rawls. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Del klassen i grupper på 3–5 elevar. Det samla talet grupper i klassen må vere eit partal, dvs. 2,4,6 eller 8.

  2. Kvar person i gruppa skal lage ein avatar. Beskriv avataren på ein lapp. Avgjer om avataren din til dømes har

    • rike eller fattige foreldre

    • ressurssterke foreldre eller foreldre som har problem med rus, psykisk eller fysisk helse, arbeidsløyse eller kriminalitet

    • gode eller dårlege sosiale, praktiske eller teoretiske evner

    • fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar

    • mykje eller lite energi og/eller viljestyrke

    • trygt eller utrygt oppvekstmiljø

    • tilhøyrsel til ein religiøs eller etnisk minoritet eller majoritet

  3. Gruppa skal deretter konstruere eit rettferdig samfunn og bestemme korleis goda skal fordelast. Korleis skal inntektene fordelast i samfunnet dykkar? Kva rettar skal folk ha til helse, utdanning, sosialhjelp og til å utøve religionen og utrykkje identiteten sin?

  4. Kvar person i gruppa skal trekkje kvar sin lapp med ein avatar.

  5. Ta ein runde i gruppa. Korleis ville den personen de sjølv har fått delt ut, få det i det samfunnet de har laga?

  6. Diskuter om dei personane de har fått utlevert, ville vere einig i at det samfunnet de har konstruert, er rettferdig?

  7. Bruk Rawls rettferdsprinsipp i tekstboksen under. Korleis ville dykkar person fått det i eit samfunn som var basert på Rawls sine prinsipp?

  8. Samanlikn det samfunnet de beskreiv i oppgåve c med det samfunnet Rawls beskriv. Kva for eit av dei to samfunna er mest rettferdig? Grunngi svaret.

  9. Diskuter i kva grad det norske samfunnet er basert på Rawls sine rettferdsprinsipp.


Rawls sine rettferdsprinsipp

Viss du skal fordele goda i samfunnet på ein upartisk og rettferdig måte, bør du ifølgje Rawls starte med å gi alle visse grunnleggjande rettar. Alle burde ha politiske fridommar som stemmerett, ytringsfridom, forsamlingsfridom, rørslefridom og religionsfridom. Uansett interesser, meiningar og livssyn vil du ha fridom til å utrykkje deg og leve det livet du meiner er best for deg.

Du må òg ta høgd for at du sjølv risikerer å ende opp på botnen av samfunnet. Rawls hevdar at du berre vil velje å akseptere dei sosiale og økonomiske forskjellane som er til fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet. Det betyr ikkje at alle i samfunnet skal tene det same. I somme tilfelle kan det vere fordelaktig for dei dårlegast stilte i samfunnet at enkelte yrke og stillingar får høgare løn for å tiltrekkje seg kvalifisert arbeidskraft. Men desse yrka og stillingane må vere opne for alle, og alle medlemmane av samfunnet må ha dei same moglegheitene til å konkurrere om dei.

Rawls beskreiv sjølv rettferdsprinsippa sine på denne måten:

  1. Alle personar skal ha same rett til det mest omfattande systemet av grunnleggjande fridommar samsvarande med eit tilsvarande system av fridommar for alle.

  2. Sosiale og økonomiske forskjellar skal berre innførast viss dei

    1. er til størst mogleg fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet

    2. er knytte til stillingar og verv som alle kan konkurrere om på rimelege vilkår

Oppgåve 3. Fordelingsrettferd

Les artikkelen "Kva er rettferd?" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er utilitarismen sitt syn på rettferd?

  2. Finn to konkrete døme på at noko er fordelaktig for fleirtalet, men samtidig kan verke urettferdig for eitt eller fleire enkeltmenneske.

  3. Kva er Robert Nozicks sitt syn på rettferd?

  4. Diskuter Robert Nozicks sitt syn på skatt:

  • Er det rettferdig eller urettferdig at alle må betale skatt? Grunngi svaret.

  • Kor mykje er det rettferdig at folk betaler i skatt?


Relatert innhald

Kva er rettferd? Når vi skal finne ut kva rettferd er, finn vi fleire ulike svar.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2022

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode