Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei rettferdig fordeling?

Kva er ei rettferdig fordeling av gode og byrder i samfunnet? Vi har alle ei forståing av kva rettferd er. Alle har opplevd å bli urettferdig behandla, men det finst mange ulike svar på kva som er ei rettferdig fordeling.
Ein mann står på ei line høgt over bakken og balanserer med store vektskåler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelingsrettferd

Fordelingsrettferd handlar om fordeling av gode og byrder i samfunnet. Burde til dømes alle i samfunnet få like mange gode? Burde dei med størst behov få mest, eller burde dei som gjer størst innsats, bidreg mest til fellesskapen eller presterer betre, få meir enn dei andre?

Eit fellestrekk ved alle teoriar om rettferd er det formale likskapsprinsippet. Det kan førast tilbake til Aristoteles og seier at "likt skal behandlast likt og ulikt skal behandlast ulikt". Dette prinsippet seier likevel ikkje noko om akkurat kva forskjellar og likskapar vi skal ta omsyn til når vi fordeler gode og byrder.

Kva betyr det eigentleg å behandle alle i samfunnet likt? Vi kan skilje mellom tre ulike prinsipp for likskap:

  • Formallikskap betyr at alle har same rettar og blir behandla på same måte. Til dømes har alle rett til gratis helsehjelp i Noreg.

  • Sjanselikskap betyr at alle har like moglegheiter. Til dømes har alle i Noreg rett til å konkurrere om studieplassar til høgare utdanning.

  • Resultatlikskap betyr at goda blir fordelte slik at sluttresultatet blir likt. Det vil seie at alle endar opp med omtrent same levevilkår ved at ein til dømes overfører pengar frå rike til fattige.

Desse tre prinsippa kan kombinerast på ulike måtar. Viss du skal avgjere kva som er ei rettferdig fordeling, må du òg sjå på kva som skal fordelast, er det til dømes inntekt, helse eller utdanningstilbod?

Når det gjeld utdanning, har alle barn i Noreg rett til skulegang (formallikskap). Skulen er gratis, slik at alle har same moglegheiter til å konkurrere om høgare utdanning (sjanselikskap). Og dei ungdommane som har eit dårlegare utgangspunkt enn andre, har rett til ekstra læringsressursar og oppfølging (resultatlikskap).

Barn formar med ulike materiale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettferd i sosiologi og sosialantropologi

Det finst ikkje nokon fasit på kva som er rettferdig eller ikkje, og ulike individ og samfunn vil ha ulike svar. Rettferd handlar nemleg ikkje om korleis samfunnet reint faktisk er, men korleis det burde vere. Det betyr at sosiologi eller sosialantropologi ikkje kan gi noko endeleg svar på kva som reint faktisk er ei rettferdig fordeling.

Sosiologar og sosialantropologar er opptekne av å beskrive og undersøkje korleis samfunnet er. Dei kan til dømes avdekkje at store økonomiske forskjellar ofte skaper sosiale problem og mindre sosial mobilitet. Men for å avgjere om økonomiske forskjellar er rettferdig eller ikkje, må vi først ha ein teori om rettferd. Teoriar om kva som er rettferdig og urettferdig, er likevel noko vi først og fremst finn i politisk teori og filosofi.

Teoriar om rettferdig fordeling

Utilitarisme

Ifølgje utilitarismen er alle menneske like viktige. Goda og byrdene i samfunnet burde derfor fordelast slik at det skaper størst mogleg lykke, nyting og velferd for flest mogleg. Viss det å auke skattane for dei rike og overføre pengane til dei fattige samla sett fører til større velferd i samfunnet, er det rettferdig.

Utilitarismen fokuserer på konsekvensane av fordelinga. Det er sluttsummen som tel. Den fordelinga som gir mest lykke og velferd for flest mogleg, er mest rettferdig. Men er det alltid tilfelle? Tenk deg at du har to mobiltelefonar. Er det rettferdig at den eine telefonen din blir gitt til nokon som treng han, sjølv om det samla sett vil føre til at fleire får det betre? Utilitarismen har vorte kritisert for å ofre rettane til enkeltindivida og mindretalet for at fleirtalet skal få det betre.

Ei grøn marsipankake blir delt i like store stykke med tohandskniv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

John Rawls

Ifølgje den amerikanske filosofen John Rawls er alle menneske frie og likeverdige. Når vi skal fordele grunnleggjande gode som inntekt, yrkesmoglegheiter og politiske og personlege fridommar, må vi derfor gjere det på ein måte som alle i samfunnet kan slutte opp om og vere einige i. Det betyr at fordelinga må skje på ein upartisk måte som ikkje favoriserer nokon enkeltpersonar eller grupper i samfunnet. Men korleis kan vi få til det i praksis? Viss alle skal vere med på å bestemme, vil ikkje alle då favorisere sine eigne interesser? Vil ikkje dei rike meine at det er rettferdig at dei beheld inntekta si, mens dei fattige tvert imot vil meine at det er rettferdig at dei rike deler?

For å kome fram til ei upartisk fordeling foreslår derfor Rawls at vi gjennomfører eit tankeeksperiment og stiller oss bak eit "slør av vankunne". Tenk at du ikkje veit noko om kva posisjon du vil bli fødd inn i samfunnet i. Du veit ikkje noko om foreldra dine, du veit ikkje noko om kjønn eller hudfarge, du veit ikkje kva evner eller ferdigheiter du får, og du veit ikkje om du høyrer til ein religiøs, kulturell eller etnisk minoritet eller majoritet. Kva slags fordeling ville du då velje? Kva rettferdsprinsipp ville du velje å organisere samfunnet etter?

Viss vi vart stilte overfor eit slikt val, ville vi, ifølgje Rawls, velje at alle skulle ha grunnleggjande politiske fridommar som stemmerett, ytringsfridom, forsamlingsfridom, rørslefridom og religionsfridom. Sidan du ikkje veit kva interesser, meiningar og livssyn du måtte ha, ville det vere fornuftig å forsikre deg om at du ville få fridom til å uttrykkje meiningane dine og leve det livet du meiner er best for deg.

I dette tankeeksperimentet må du ta høgd for du sjølv risikerer å ende opp på botnen av samfunnet. Rawls hevdar derfor at du berre vil velje å akseptere sosiale og økonomiske forskjellar som er til fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet. Det betyr ikkje at alle i samfunnet skal tene det same. Det kan i nokre tilfelle vere fordelaktig for dei dårlegast stilte i samfunnet at nokre yrke og stillingar får høgare lønn for å tiltrekkje seg kvalifisert arbeidskraft. Desse yrka og stillingane må likevel vere opne for alle, og alle medlemma i samfunnet må ha dei same moglegheitene til å konkurrere om dei.


Rawls' rettferdsprinsipp:

Menneske som ikkje veit noko om kvar dei vil ende opp, vil velje å organisere samfunnet etter desse rettferdsprinsippa:

  1. Alle personar skal ha same rett til det mest omfattande systemet av grunnleggjande fridommar som kan samordnast med eit tilsvarande system av fridommar for alle.

  2. Sosiale og økonomiske forskjellar skal berre innførast viss dei

    1. er til størst mogleg fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet.

    2. er knytte til stillingar og verv som alle kan konkurrere om på rimelege vilkår.

For Rawls hadde det første prinsippet førerang framfor det andre.

Robert Nozick

Den amerikanske filosofen Robert Nozick er kritisk til at staten skal omfordele inntekt slik Rawls foreslår, og har i staden forsvart ei form for politisk libertarianisme. Han hevdar at ein teori om rettferdig fordeling må ta utgangspunkt i dei grunnleggjande rettane til menneska. Desse rettane set visse absolutte grenser for kva staten og andre menneske kan gjere med eigedommen din.

Ifølgje Nozick eig alle menneske seg sjølv. Du bestemmer sjølv over din eigen kropp. Du har derfor òg rett til resultatet av ditt eige arbeid. Viss du til dømes lagar eit økseskaft av eit trestykke, er det ditt og ingen kan ta det frå deg. Sidan du eig det, har du likevel rett til å byte, selje eller overføre det til andre som du sjølv vil. Du kan selje økseskaftet til ein forhandlar. Då er det forhandlaren som eig økseskaftet og hen har då rett til å selje det vidare. Så lenge fordelinga av eigedom i samfunnet er eit resultat av denne typen frivillige transaksjonar, er ho rettferdig.

I motsetning til utilitaristane og Rawls meiner Nozick at staten ikkje har rett til å overføre pengar frå dei rike til dei fattige i samfunnet, fordi pengane ikkje høyrer dei til. Viss dei rike har skaffa formuen sin på lovleg vis gjennom frivillige transaksjonar, har ingen rett til å ta det frå dei mot deira eigen vilje. Å tvinge nokon til å betale skatt er for Nozick ei form for slaveri. Når du må betale ein del av det du sjølv har tent på ditt eige arbeid i skatt, blir du i praksis tvinga til å arbeide gratis for andre.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode