Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er ein ideologi?

Ideologi kan vi forstå som politiske prinsipp, med klare mål for samfunnsorganiseringa. Prinsippa er sett i ein systematisk samanheng og har eit program for korleis måla kan bli realiserte. Ein ideologi er altså eit sett av mål og ei samling verkemiddel for å nå desse bestemte måla.

Tankar om samfunnet

Dei politiske ideologiane oppstod som ein reaksjon på samfunnsomveltingane som skjedde gjennom den industrielle revolusjon og opplysningstida sine tankar om individ og samfunn. Alle ideologiar har ein kjerneverdi, eit syn på menneske og samfunn, eit syn på kva for rolle staten og demokratiet bør ha, og strategiar og mål for samfunnet.

Verdibørsen: Hva er en ideologi?

Politiske idear og ideologiar byggjer på tankar om korleis samfunnet bør organiserast og korleis vi fordeler makt, gode og byrder. Ideologiane prøver å fortolke verkelegheita og mennesket sin plass i tilværet, både i fortid, notid og framtid. Hendingar i fortida og tilstandar i notida blir sett inn i ein samanheng, der verkelegheita får mål og meining. Slik sett forenklar ideologiane verda, og gir ulike forslag om korleis ein bør leve og handle.

Historia til ideologiane

Dei moderne ideologiane oppstod i kjølvatnet av opplysingstida sine tankar på 1700-talet om at samfunnet skulle grunngjevast ved hjelp av fornuft og vitskap, og ikkje på bakgrunn av religiøse førestillingar og tradisjonelle sedvanar. Den påfølgjande industrielle revolusjon frå 1770-åra skapte grunnleggjande økonomiske og sosiale samfunnsendringar. Resultatet var ei aukande urbanisering omkring dei nye og moderne industribyane som voks fram.

Ideologiane forsøkte å grunngi og forklare dei nye samfunnsstrukturane, og å vise vegen til eit betre samfunn. Dei ulike ideologiane kan sjåast på som ulike samfunnsgrupper sin reaksjon på dei endringane som den industrielle revolusjonen førte med seg.

Borgarskapet sine interesser var å sikre den politiske og økonomiske fridomen som blei kjempa fram under dei politiske revolusjonane i siste halvdelen av 1700-talet. Den konservative adelen ville kjempe mot dei store samfunnsomveltningane som fann stad, og gjenvinne samfunnsgruppa sin tradisjonelle posisjon. I takt med veksten i industrialiseringa, oppstod ein stor arbeiderklasse av fattige industriarbeidarar som ønskte å endre livsvilkåra sine.

Påverknad på samfunnet

Gjennom å studere innhaldet i ulike ideologiar, får vi moglegheita til å sjå korleis ulike politiske idear og ideologiar har påverka livet til menneske, utviklinga av moderne samfunnsinstitusjonar og politiske system i vår tid. Denne innsikta kan moglegvis gi oss ei moglegheit til å forstå fortid og notid betre, og bruke våre historiske erfaringar inn i framtida sine samfunnsorganiseringar.

Skal ein studere ideologiane, kan det vere ein god innfallsvinkel å sjå etter visse fellestrekk ved alle ideologiar. I gjennomgangen av dei ulike ideologiane kan desse fellestrekka vere viktige referansar å forhalde seg til.