Hopp til innhald

Fagstoff

Liberalismen

Liberalismen oppstod under opplysningstida på 1700-talet og spilte ei viktig rolle under den franske revolusjon og i utviklinga av moderne demokrati.
Malt portrett av den engelske opplysningsfilosofen John Locke. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i liberalismen er fridom for enkeltindividet og ein fri marknad. For å rette dei verste forskjellane kapitalismen skapte i samfunnet, ønskte sosialliberale parti større bruk av statlege verkemiddel for å hjelpe fattige individ som fall utanfor.

Kjerneverdi: Synet på mennesket og samfunnet

Liberalismen sin kjerneverdi er fridom for individa, og ideologien tok utgangspunkt i at menneske er sjølvstendig tenkjande og fornuftige vesen. Krav om ytringsfridom, likskap for loven og å styrke individa sine rettar overfor staten har vore viktige kampsaker for liberalismen fram til vår tid. Samfunnet blei sett på som summen av individa. Viss staten skapte gode vilkår for det sjølvstendige og frie individet, ville samfunnet blomstre til det beste for alle individ i samfunnet.

Nanna Paaske har skrevet om liberalismen på NDLA historie:

(…) Mennesket er fødd fritt, hevda den britiske filosofen John Stuart Mill. Verken konge, kyrkje eller familien sin stand og status skal avgjere det vesle barnets skjebne. Mill sitt poeng var at så lenge den enkelte fekk moglegheit til å bruke evnene sine og velje sin eigen veg, ville menneska få det godt og skape eit godt samfunn.

Borgarleg demokrati

Liberalismen har spelt ei sentral rolle i etablering av moderne demokrati. Blant borgarskapen i Vest-Europa fanst det ei sterk misnøye mot det kongelege eineveldet sin sterke innverknad over det politiske styret og økonomien. Med opplysningstida sitt krav til fornuft og rasjonelle argument kravde liberale tenkjarar at makta skulle gå ut frå folket. Dei meinte at statsstyret skulle ta utgangspunkt i maktfordelingsprinsippet, og forankrast i ei grunnlov som regulerte forholdet mellom myndigheitene og folket.

Ein svak stat

I liberalismen tidlegaste fase såg dei liberale med stor skepsis på kva for oppgåver ein stat skulle ha. Erfaringane frå autoritære og eineveldige styresett spelte ei rolle i denne samanhengen. I utgangspunktet hevda liberalistane at staten skulle operere som ein "nattvektarstat", som sikra lov og orden gjennom politi og domstolar, forsvar av landet og som ein del av forvaltninga av demokratiske institusjonar. Alle andre samfunnsoppgåver kunne utførast på den private marknaden.

Den private marknaden: Strategi og mål

Marknadsliberalismen er eit sentralt omgrep i denne samanhengen. Med utgangspunkt i Adam Smith si bok Wealth of Nations fra 1776, skulle marknaden regulere seg sjølv gjennom private aktørar. Produksjon av varer og tenester skulle styras av ei usynleg hand, og regulerast av tilbod og etterspørsel.

Dei liberale forståingane i fordelinga av gode og byrder kan i denne samanhengen vere knytt til "at ein er si eiga lukkes smed". Det gjekk føre seg ein konkurranse i samfunnet der nokon blei vinnarar og andre taparar, og dette skapte over tid store klasseforskjellar i samfunnet.

Etter kvart som industrialiseringa vaks og breidde om seg, kan ein i større grad snakke om omgrepet kapitalisme. Kapitalismen kjenneteiknast ved at kapitalsterke bedriftsleiarar, bankeigarar og spekulantar styrer økonomien, og skapar ytterlegare økonomiske og sosiale forskjellar i samfunnet. Med store private og profittjagande aktørar i marknaden var vegen kort til monopol og utnytting av ressursar og arbeidarar.

Fordeling av gode og byrder

I takt med ei veksande arbeidarklasse fanst det liberale krefter som ønskte å bøte på dei store forskjellane kapitalismen skapte. Blant sosialliberale politikarar fanst det ein større vilje til å bruke statlege tiltak for å unngå at familiar og enkeltpersonar gjekk til grunne i fattigdom.

Betyding før og no

I norsk historie har liberalistiske tankar vore sentrale i etableringa av det norske sjølvstyret frå 1814, innføringa av parlamentarismen og i unionsoppløysninga med Sverige i 1905. Liberalismen si utvikling fram til våre dagar har vist store tendensar til å akseptere ein sterkare stat i omfordelinga av gode og byrder i samfunnet.

Liberalistiske parti har omfamna ei rekkje sosiale reformer og spelt ei viktig rolle i etablering av "velferdsstaten" i Noreg. Venstre sine sosiale reformer rundt 1.verdskrigen starta eit velferdsprogram som blei fullført med den offentlege folketrygda i 1967.

I etterkrigstida har mange liberale parti vore ei viktig motvekt til auka byråkratisering og makt til staten i nærings- og samfunnsliv. Den borgarlege fløya i norsk politikk har gjerne fremja ein liberalistisk politikk, men har ofte vore ueinige om verkemiddel sidan partia representerer ulike interesser og verdiar. Tidvis har nyliberalisme og kapitalistiske tendensar vore framståande liberal politikk, andre gongar ikkje. I dag speler liberalismen framleis ei viktig rolle for å sikre individa fridom for deira liv og valmoglegheiter, i politiske samanhengar og i økonomien.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode