Hopp til innhald

Fagstoff

Gode og byrder

Kva for gode og byrder har vi i samfunnet i dag? Når vi skal sjå på fordeling av gode, må vi først definere kva eit gode er. Vi må også vite kven som har makt til å endre på fordelinga av gode.
Ein person putter stemmesetel i valgurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gode

Viss du blei spurt kva du sette mest pris på av goda dine, kva hadde du svart då? For mange er det kanskje noko materielt. Men mange ville også tenkt på ting som ein trygg heim, kjærleik, god helse eller gode karakterar. Når du blir vaksen, ønskjer du å stå i arbeid, og ofte helst med god løn.

Når vi tenkjer på gode i samfunnet elles, handlar det ofte om ein del rettar vi har, som stemmeretten og rett til utdanning.

Gode vil alltid vere ulikt fordelt. Spørsmålet vil vere kvifor ulikskapane er der, og om det gjeld for større grupper eller for enkeltpersonar.

Makt og innverknad

I eit samfunn snakkar vi også om makt og innverknad. Då må vi snakke om korleis vi får makt, og kva ein har makt over og innverknad på. Du kan ha makt over dine eigne val, men kanskje har du innverknad på lagkameratane på fotballaget eller fordi du deltek i ein organisasjon. Sit du i elevrådet, kan du ha innverknad på skulekvardagen.

I samfunnet vårt er det nokon som har meir makt og innverknad enn andre. Vi kan seie at politikarar i kommunestyre eller på Stortinget og i regjeringa har makt. Det same vil vi seie at dommarar i domstolane har, eller dei som driv produksjon gjennom store selskap. Dei som sit med makt på nasjonalt eller lokalt nivå, har makt til å bestemme korleis ein skal fordele goda i samfunnet.

Byrder

Nokre byrder er felles for alle. Ein må til dømes betale skatt av inntekta si. Dette er ei byrde som til gjengjeld gir ein del rettar, blant anna gjennom dei velferdsordningane vi har i Noreg. Miljøavgifter og avgifter på veg, tobakk og alkohol er også noko som blir oppfatta som ei byrde av mange.

Det er vanleg å plassere gode og byrder langs ein skala, der mykje av noko blir gode, mens lite av det same blir ei byrde. Dette gjeld blant anna i samband med inntekt og bu- og leveforhold.

I Noreg har vi ingen som lever under den absolutte fattigdomsgrensa på i underkant av 2 dollar per dag, men vi har relativ fattigdom. Nokre menneske her i landet opplever at noko er ei byrde, ting som andre ikkje tenkjer på. Til dømes kan det vere vanskeleg å skaffe nok mat til alle måltid, eller ein har ikkje moglegheit til å vere med i bursdagar og på skuleturar.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 02.07.2019

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode