Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Små eller større sosiale forskjellar?

Samanlikna med ein del andre land har Noreg lite sosial ulikskap. Vi har mellom anna ein velferdsstat som med sine ordningar bidreg til å jamne ut forskjellar.

I filmen Fordeling av sosiale goder ser vi fleire intervjuobjekt samanlikne status, utjamning og sosiale gode i Noreg med land som USA og Litauen. Sjå filmen først, før du jobbar med oppgåvene.

Oppgåve

  1. Ein av dei som blir intervjua, seier at i Noreg blir du tatt vare på uansett inntekt eller om du er sjuk. Finn ut kva for ordningar vi har som gjer at du blir tatt vare på.
  2. Mannen frå Litauen seier at i heimlandet hans har du berre status om du er rik, mens i Noreg er det same om du jobbar i bank eller i kassa på Coop. Drøft påstanden. Er det noko sant i det han seier?
  3. Kva vil det seie at vi har ein "likskapskultur" i Noreg? Er likskap alltid bra, eller er det naudsynt med forskjellar i eit samfunn?
  4. Kva betyr omgrepet solidaritet? Er det naudsynt med ein likskapskultur for halde solidariteten i samfunnet ved lag?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Rettferd og fordeling av gode