Hopp til innhald

Fagstoff

Liberalismen

Liberalismen oppstod under opplysingstida på 1700-talet og spelte ei viktig rolle under den franske revolusjonen og i utviklinga av moderne demokrati.
Måla portrett av Locke. Han er middelaldrande, alvorleg og har halvlangt, bølgja grått hår.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synet på mennesket og samfunnet

Kjerneverdien i liberalismen er fridom for individa og ein fri marknad. Ideologien tok utgangspunkt i at menneska var sjølvstendige, tenkjande og fornuftige vesen. Krav om ytringsfridom, likskap for lova og styrking av rettane til enkeltindivida overfor staten har vore viktige kampsaker for liberalismen fram til vår tid. Samfunnet vart sett på som summen av individa. Viss staten skapte gode vilkår for det sjølvstendige og frie individet, ville samfunnet blomstre til det beste for alle i samfunnet.

Borgarleg demokrati

Liberalismen har spelt ei sentral rolle i etableringa av moderne demokrati. Delar av borgarskapet i Vest-Europa var svært misfornøgde med det kongelege sterke innverknad på det politiske styret og økonomien. I pakt med kravet frå opplysingstida om fornuft og rasjonelle argument kravde liberale tenkjarar at makta skulle komme frå folket. Dei meinte at statsstyret skulle ta utgangspunkt i og forankrast i ei grunnlov som regulerte forholdet mellom styresmaktene og folket.

Ein svak stat

I liberalismens tidlegaste fase såg dei liberale med stor skepsis på kva oppgåver ein stat skulle ha. Erfaringane frå autoritære og eineveldige styresett spelte ei rolle i denne samanhengen. I utgangspunktet hevda liberalistane at staten skulle operere som ein "", altså ein stat som hadde eit minimum av oppgåver. Staten skulle sikre lov og orden gjennom politi og domstolar, han skulle forsvare landet og forvalte demokratiske institusjonar. Alle andre samfunnsoppgåver kunne utførast i den private marknaden.

Den private marknaden

Marknadsliberalismen er eit sentralt omgrep i denne samanhengen. Med utgangspunkt i Adam Smiths bok Nasjonenes velstand, frå 1776, skulle marknaden regulere seg sjølv gjennom private aktørar. Smith hevda at marknaden fungerte best når produksjonen av varer og tenester vart styrt av ei "usynleg hand" og regulert av tilbod og etterspurnad. Viss staten ikkje blanda seg i den frie marknaden, ville konkurransen vere lik for alle. Tidlegare hadde berre privilegerte grupper tilgang til handelsverksemd. Med mekanismen "den usynlege handa" kunne alle, også fattige menneske, delta i handelsmarknaden.

Ei liberalistisk forståing av fordelinga av gode og byrder i eit samfunn er at ein er "si eiga lykkes smed". Ordtaket seier at det er kvart individs eige ansvar å søkje lykke og bidra til å få eit godt liv. I eit liberalistisk samfunn vil det alltid vere konkurranse mellom individa. Ein har sjølv ansvar for å delta, nokon vinn og andre taper. Over tid skapte dette store klasseforskjellar.

Kapitalisme

Industrialiseringa voks og breidde om seg, og omgrepet kapitalisme kunne etter kvart brukast om den økonomiske utviklinga. I kapitalismen er det bedriftsleiarar, bankierar og spekulantar som styrer økonomien. Dette skaper ytterlegare økonomiske og sosiale forskjellar i samfunnet. Med store private og profittjagande aktørar i marknaden var vegen kort til monopol og utnytting av ressursar og arbeidarar.

Sosialliberalisme

I takt med ein aukande arbeidarklasse fanst det liberale krefter som ønskte å bøte på dei store forskjellane kapitalismen skapte. Blant sosialliberale politikarar fanst det vilje til å bruke statlege tiltak for å unngå at familiar og enkeltpersonar gjekk til grunne i fattigdom.

Måla portrett av Mill som eldre, alvorleg mann, kledd i svart med kvit skjorte under.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betydninga av liberalismen før og no

I norsk historie har liberale tankar vore sentrale i etableringa av det norske sjølvstyret frå 1814, innføringa av parlamentarismen og i unionsoppløysinga frå Sverige i 1905. Utviklinga av liberalismen fram til våre dagar har vist klare tendensar til å akseptere ein sterkare stat i omfordelinga av gode og byrder i samfunnet.

Liberale parti har omfamna ei rekkje sosiale reformer og har spelt ei viktig rolle i etableringa av velferdsstaten i Noreg. Venstres sosiale reformer rundt første verdskrigen starta eit velferdsprogram som vart fullført med den offentlege folketrygda i 1967.

I etterkrigstida har mange liberale parti vore ei viktig motvekt til auka byråkratisering og makt til staten i nærings- og samfunnsliv. Høgresida i norsk politikk har gjerne fremja ein liberalistisk politikk, men har ofte vore ueinige om verkemidla sidan partia har representert ulike interesser og verdiar. Tidvis har og kapitalistiske tendensar vore framståande liberal politikk, andre gonger ikkje. I dag speler liberalismen framleis ei viktig rolle for å sikre individa fridom og valmoglegheiter politisk og økonomisk.

Kjelde

Hagtvet, B. (2010) Hundreåret til ideologiane, ei personleg vandring i det 20. hundreårets politiske idéhistorie. Dreyers forlag

Relatert innhald

Dei politiske ideologiane oppstod som ein reaksjon på omveltingane som skjedde gjennom opplysningstida og den industrielle revolusjonen.

Sosialisme er eit sekkeord for tidlege utopiske sosialistiske idéar, Karl Marx' vitskaplege marxisme, anarkisme, sosialdemokrati og kommunisme.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar