Hopp til innhald

Fagstoff

Arven frå opplysingstida

I dagens samfunn tek ein kanskje opplysingstidas idéar for gitt. Ord og omgrep som folkesuverenitet, maktfordeling, ytringsfridom og likskap for lova vart kjempa fram i tida som følgde etter revolusjonane mot slutten av 1700-talet.
Kart over Europa som viser landegrensane i 1815, etter Napoleonskrigane. Europakartet viser at monarkia er gjenoppretta. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Wienkongressen

Etter Napoleonskrigane (1803–1815) prøvde stormaktene i Europa å fjerne grunnlover som skulle sikre folka innverknad over eigne liv. Wienkongressen, 1814 til 1815, kan trygt kallast ein mellombels siger for dei konservative over dei liberale idéane frå opplysingstida. Sigerherrane, først og fremst Russland, Storbritannia, Austerrike og Preussen, fastsette prinsippa for eit nytt Europa etter tiår med revolusjonar og Napoleonskrigar.

Eit sentralt prinsipp på kongressen var maktbalanse. Inga stormakt skulle ha større territorium og makt enn andre. Slik kunne ein førebyggje nye aggressive statsleiarar og aggressive land, slike som Napoleons Frankrike. Dette sikra fred mellom stormaktene i fleire tiår.

Eit anna prinsipp var gjenopprettinga av dei "legitime" monarkia i Europa. Gamle kongedynasti vart henta fram, i Frankrike vart Ludvig 18. (bror til Ludvig 16.) innsett til å styre landet.

Nasjonalisme og liberalisme

Trass i sigeren til stormaktene og konservative program for Europa skapte dette føresetnader for nye folkelege opprør. Idéen om at nasjon og folk skal styre seg sjølv, vart framståande utover på 1800-talet. Nasjonale grupper, som tsjekkarar, ungararar og polakkar, kjende seg undertrykte, og skapte nasjonale rørsler med krav om sjølvstyre. For desse opprøra var nasjonalisme og liberalisme to sider av same sak. Eit folk, ein nasjon, ein stat. Ein ny stat skulle byggje på maktfordeling, grunnlov og fridom for enkeltindivida.

Julirevolusjonen i Frankrike i 1830 og revolusjonsforsøka i ei rekkje land i 1848 (februarrevolusjonen) kan sjåast som arvtakarar av opplysningsidéane inn i det moderne Europa.

Kampen for fridom og likskap

Perioden fram til 1914 kan kallast nasjonens hundreår, der ønsket om nasjonalt sjølvstyre var framståande for store delar av Europas ulike folkegrupper. Blant stormaktene var det òg eit aukande fokus på nasjonal sjølvhevding.

Samtidig oppstod krav om meir folkestyre og fleire demokratiske rettar frå ein ny industriarbeidarklasse og frå venstreorienterte parti. Det same gjaldt for ulike kvinnerørsler, som kravde politisk likestilling på lik linje med menn.

Etter første verdskrigen vart mange nye nasjonar i Europa sjølvstendige. Nasjonal sjølvråderett var eit viktig prinsipp ved fredsslutninga.

Totalitære regime

I mellomkrigstida fekk demokratia i Europa store utfordringar med å handtere dei politiske og økonomiske problema som oppstod. Trua på at totalitære system kunne løyse problema, fekk eit oppsving fram mot andre verdskrigen. Berre enkelte europeiske statar i Europa heldt på idéen om at vanskane kunne løysast gjennom demokratiske institusjonar. Andre verdskrigen viste tydeleg kva totalitære regime kunne gjere.

Dei sameinte nasjonane og menneskerettane

FN-flagget. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit nytt forsøk på å sikre verdsfreden vart skapt på ruinane av andre verdskrigen. Dei sameinte nasjonane skulle skape fred, tryggleik og utvikling i verda. Fundamentet var menneskerettserklæringa.

Artikkel 1: Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapsånd.

I dag er menneskerettane og demokratiet den føretrekte styreforma i dei aller fleste landa i verda. Ideane til opplysingstida om folkesuverenitet, maktfordeling, rettsprinsipp og likskap for lova er framleis idealbiletet. Eit ønske om eit velfungerande samfunn tek utgangspunkt i demokratiske prinsipp som gjeld alle, men som samtidig sikrar individa størst mogleg fridom over eigne liv.

Man kan kanskje diskutere om volden innenfor stater har avtatt eller økt siden 1945. Det ingen kan nekte for, er at internasjonal vold har falt til et rekordlavt nivå.
[...]
Etter 1945 intet selvstendig land anerkjent av FN blitt erobret eller slettet fra kartet. Begrensende internasjonale kriger oppstår fra tid til annen, og det er fortsatt millioner som dør av kriger, men krig er ikke lengre normen. (Harari, 2011/2018)

Kjelder

Harari, Y. N. (2018). Sapiens. En kort historie om menneskeheten (L. Stokseth, Overs.). Bazar. (Opphavleg gitt ut 2011)

Knudsen, O. F. (2020, 17. mars). Maktbalanse. I Store norske leksikon. https://snl.no/maktbalanse

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar