Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialdemokrati

Sosialdemokratar trur på reformer framfor revolusjon på vegen mot eit sosialistisk samfunn. Allmenn stemmerett for menn vart ei viktig kampsak for det aukande talet på industriarbeidarar i Europa. Sosialdemokratane ønskte å vinne makt og innverknad innanfor det beståande demokratiet.
Svartkvitt-fotografi av Eduard Bernstein ved skrivebordet. Han har kort hår, skjegg, stålinnfatta briller og mørk dress. Han har ei open bok framfor seg og held eit samanbretta ark i handa. Bak han er det bokhyller.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det sosialdemokratiske alternativet til revolusjon

Ifølgje ville kapitalismen gå mot sitt endelege samanbrot, og ei ny sosialistisk omvelting kom til å finne stad ein gong i framtida. Men mot slutten av 1800-talet vart eit sosialdemokratisk alternativ til revolusjon fremja blant sosialistiske tenkjarar.

Eduard Bernstein (1850–1932) hevda at det Marx føresåg, hadde slått feil, og at kampen for eit sosialistisk samfunn heller burde gå gjennom det etablerte demokratiet. Samfunnet kunne reformerast gjennom demokratiske prosessar, og "siden flertallet av folket tilhører arbeiderklassen, er sosialismens seier ugjenkallelig". (Hagtvet, 2010, s. 11)

Reformer

Ifølgje sosialdemokratiske tenkjarar kunne overgangen til eit sosialistisk samfunn skje gjennom demokratiske val. Kampen for stemmerett for arbeidarklassen var den siste skansen på veg mot makta sidan industriarbeidarane i første halvdel av 1900-talet utgjorde fleirtalet i store delar av den europeiske befolkninga. Med denne makta skulle samfunnet formast om gjennom reformer og regulering.

Sosialdemokratiske politikarar har føretrekt det blandingsøkonomiske systemet. Altså ei blanding av privat og statleg eigarskap. Det skulle framleis vere produksjon basert på tilbod og etterspurnad, men staten skulle hjelpe til med å fordele produksjonsoverskotet. På den måten ville det komme ein større del av folket til gode.

Tankane til sosialdemokratane om reformer innanfor det beståande skapte forakt hos dei revolusjonære, kommunistiske partia. Sosialdemokratane vart framstilte som klasseforrædarar av kommunistane og vart nedsetjande kalla medløparar for borgarskapet.

Synet på første verdskrigen skapte eit vedvarande skilje i arbeidarrørsla mellom reformvennlege sosialdemokratar og dei revolusjonære, kommunistiske partia. Sosialdemokratiske parti støtta i hovudsak nasjonale interesser og stemde for krigen, mens kommunistiske parti vende seg til den internasjonale og verdsrevolusjonen som dei meinte måtte komme. Eit stort fleirtal på landsmøtet i Det norske Arbeidarparti vedtok i 1920 at "partiet innmeldes, med de forbehold som er tatt i premissene, i Den kommunistiske Internasjonale". Arbeidarpartiet var dermed eit revolusjonært parti, men melde seg ut av Komintern allereie i 1923.

Utviklinga av sosialdemokratiet i Noreg

Frå 1933 spelte den sosialdemokratiske retninga i Det norske Arbeidarpartiet (AP) ei viktig rolle for å styrkje demokratiet i Noreg. I regjeringsposisjon bidrog AP til ei rekkje velferdsreformer. Dette heldt fram etter andre verdskrigen, og blandingsøkonomi, omfordeling og utjamning mellom sosiale klassar var klare politisk mål. Den sosialdemokratiske politikken i etterkrigstida bygde ut velferdsstaten, der alle nordmenn skulle sikrast moglegheita til gode liv "frå vogge til grav".

Mot tusenårsskiftet kan det stillast spørsmål om den tradisjonelle sosialdemokratiske oppfatninga i AP byrja å endre seg til meir sosialliberal politisk praksis. På mange samfunnsområde har statens engasjement i næringslivet vorte teke over av private eigarar. I tillegg har ei rekkje statlege institusjonar vorte avvikla eller konkurranseutsette. Krava om budsjettkontroll og effektiv styring i statleg verksemd har auka betrakteleg sidan 1980-talet. Skiljet mellom den sosialdemokratiske og den sosialliberale ideologien er i dag langt meir flytande enn før, og dei politiske diskusjonane handlar i større grad om prinsippsaker enn om rein ideologi.

Tenk over

Er den norske velferdsmodellen det næraste sosialismen har komme det klasselause samfunnet?

Kjelde

Hagtvet, B. (2010). Hundreåret til ideologiane: ei personleg vandring i det 20. hundreårets politiske idéhistorie. Dreyers forlag.

Relatert innhald

Sosialisme er eit sekkeord for tidlege utopiske sosialistiske idéar, Karl Marx' vitskaplege marxisme, anarkisme, sosialdemokrati og kommunisme.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar