Hopp til innhald

Fagstoff

Kolonistane mot opprør

Konfliktane mellom urbefolkninga, franskmenn, amerikanske kolonistar og britar enda i Storbritannias favør i 1763. Konsekvensane av krigen skjerpa likevel motsetningane mellom kolonistane og kongeriket Storbritannia. The Boston Tea Party markerte starten på frigjeringskrigen.
Amerikanske kolonistar forkledde som indianarar kastar store mengder te på sjøen. Kunstverk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen mot indianarane og franskmennene

Kolonistane hadde i lengre tid fordrive den amerikanske urbefolkninga i aust i takt med folkeauken. Urbefolkningas jakt og naturlege levemåte passa ikkje inn i ønsket til kolonistane om ekspansjon vestover. Dette førte til stadige konfrontasjonar mellom kolonistane og ulike lokale indianarstammar.

Frankrike og Storbritannia kjempa gjennom 1700-talet om dominans i verdshandelen og var stadig i væpna konflikt av den grunnen. Sjølv om dei 13 koloniane i Nord-Amerika var underlagde Storbritannia, opplevde kolonistane ei stor grad av fridom og lite skattlegging. Under i perioden 1754–63 vart banda kolonistane hadde til moderlandet styrkte, idet franske koloniar og indianarområde vart lagde under Storbritannia. Spesielt i nord var det eit utstrekt ønske om å utvide koloniane vestover med britisk hjelp.

Storbritannia, med støtte frå kolonistane, gikk sigrande ut av krigen, og fredsvilkåra vart avklarte i 1763 med Parisfreden. Avtalen innebar at sjuårskrigen vart avslutta, og Storbritannias dominans utanfor Europa vart styrkt.

Merkantilisme

I den første tida var ein fordel for kolonistane, sidan dei gjennom han var sikra fast handel og skipsfart. Etter kvart vart interessene meir motstridande. I det merkantilistiske systemet til britane var det openbert at koloniane skulle tene dei økonomiske interessene til britane. Handelen koloniane hadde med Europa, skulle gå gjennom britiske hamner og på britiske skip ifølge av 1651.

Parisfreden i 1763 vart eit vendepunkt for koloniane. Det britiske parlamentet vedtok i 1764 å innføre importtoll på ei rekke varer til koloniane. I 1765 følgde ein såkalla stempelskatt på offentlege dokument. Pålegga var delvis ei følge av at det hadde kosta Storbritannia mykje å føre alle krigane mot Frankrike, til dels på vegner av koloniane. Dette førte til protestar mot Storbritannias rett til å skattlegge koloniane. Britane valde, etter press frå kolonistane, å fjerne ulike avgifter, men heldt oppe avgifta på te. Dette skulle til slutt bli startpunktet for ønsket til kolonistane om å lausrive seg frå Storbritannia.

"Ingen skatt utan representasjon i parlamentet"

Spørsmålet om Storbritannias rett til å skattlegge koloniane, utan at kolonistane var representerte i det britiske parlamentet, har rot i sentrale tankar i opplysingstida. Makt bør komme frå folket og baserast på folkesuvereniteten. Tanken er at skattlegging og lovverk bør vedtakast av folket åleine og ikkje av privilegerte grupper eller monarkar. Ideane til amerikanarane om folkesuverenitet har bakgrunn i britanes og Bill of Rights frå 1689. Med Bill of Rights vart kongemakta avgrensa, og det vart stadfesta at kongen ikkje kunne styre landet utan støtte i parlamentet. Tankane bak var frå John Locke, som meinte at den viktigaste oppgåva til staten var å sikre innbyggjarane grunnleggjande naturlege rettar. Berre slik kunne staten legitimere eller rettferdiggjere makta si. Ifølge John Lockes politiske tankar er "makta til låns", og folket har rett til opprør mot kongemakt og andre styresmakter viss dei ikkje styrer etter viljen til folkefleirtalet.

Tenk over

Er kritikken frå dei amerikanske kolonistane mot Storbritannia forståeleg?

Opprør i Boston

John Lockes idear om folkets rett til opprør stod sentralt i kravet til kolonistane om sjølvstende og lausriving frå Storbritannia. Hendingane rundt "teselskapet i Boston" vart startskotet for konflikten som skulle ende i ein frigjeringskrig og danninga av USA. Utkledde som innfødde gjennomførte nordamerikanske kolonistar ein protestaksjon mot den forhatte te-avgifta i 1773. Eit skip som låg ankra opp med ei te-last klar til fortolling i Boston, vart angripe, og teen vart kasta på sjøen. Utkledninga var symbolsk, sidan britane ikkje stødde ønsket til kolonistane om å utvide koloniane vestover inn i urfolksområda i Ohio-dalen.

Relatert innhald

Europearane byrja å etablere koloniar i Nord-Amerika på 1600-talet. Kolonistar frå fleire europeiske land dreiv jordbruk, handel og etablerte plantasjar.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar