Amerikansk sjølvstende og grunnlov
Konfliktane om Storbritannias rett til å skattlegge dei nordamerikanske koloniane førte til The Boston Tea Party i 1773. Fram mot krigen var partane på kollisjonskurs. Kolonistane byrja å organisere seg i ein felles kongress som valde George Washington som øvstkommanderande for kolonistyrkane. Krigen braut ut i 1775 då britiske troppar vart sende for å beslaglegge eit våpenlager i staten Massachusetts. Slaga ved Lexington og Concord i april er rekna som dei første slaga i frigjeringskrigen mot Storbritannia.
Suksessen i krigføringa mellom partane veksla litt dei første krigsåra. Fransk militær støtte til kolonistane frå 1778 endra krigslykka i favør av amerikanarane. Den franske deltakinga i den amerikanske frigjeringskrigen kjem av stormaktsrivaliseringa med Storbritannia og tapet i sjuårskrigen. Dei økonomiske følgene skulle få konsekvensar for statsinntektene til den franske einevaldskongen i åra som kom. Sigeren til kolonistane i slaget ved Yorktown i 1781 skulle bli avgjerande for frigjeringskrigen. Ved fredsslutninga i Paris i 1783 anerkjende Storbritannia USAs sjølvstende.
Den 4. juli 1776 vedtok Kongressen ei sjølvstendeerklæring for dei 13 koloniane sør for Canada. Her vart det hevda at: "alle menneske er fødde like og har rett til fridom og moglegheita til å skape eit lykkeleg liv". Hovudarkitekten for erklæringa var Thomas Jefferson.
Denne setninga hadde ein tydeleg bodskap om fridommane til enkeltindivida. Ettertida har kritisert betydninga ordet "menneske" hadde i erklæringa, sidan ordet i realiteten betydde kvite menn med eigedom, og ikkje slavar eller kvinner. Likevel var draumen at individa skulle skape eit nytt, republikansk USA utan stender, i motsetning til "det gamle Europa", der ulike stender hadde ulike rettar og innverknad.
Les og tenk over:
"(...) Den amerikanske ordenen befestet også hierarkiet mellom fattig og rik. De færreste av datidens amerikanere så noe galt ved ulikhetene som ble skapt av at rike foreldre ga egne penger og forretninger videre til barna sine. Slik de så det, innebar likhet ganske enkelt at de samme lovene gjaldt for fattig og rik. Det hadde ingenting å gjøre med trygdeytelser for arbeidsløse, integrert utdannelse eller helseforsikring."
(Harari, Yuval Noah (2016): Sapiens, Bazaar Forlag, kapittel 8)
Diskuter:
Er den amerikanske draumen mogleg for alle amerikanarar?
Mange av dei same prinsippa låg til grunn for den amerikanske grunnlova, som vart vedteken i 1787. Opplysningsideane om folkesuverenitet, maktfordeling og rettstryggleik vart fastslegne. Spørsmåla om makta til sentrale styresmakter kontra delstatane si eiga styresmakt vart heftig debatterte. Amerikanaranes eigne erfaringar og skepsis mot kongemakta tvinga fram ei balansert løysing der dei enkelte delstatane fekk stor råderett over eige område, mens president og regjering fekk ansvar for utanriks- og forsvarspolitikk.
Sjølvstendet og USAs grunnlov viste resten av verda opplysningstidas idear i praksis. Dette skapte entusiasme i eit Europa som var prega av stender, der ulike grupper i samfunnet hadde ulike rettar. For dei franske soldatane som deltok i frigjeringskrigen i USA, og befolkninga generelt, vart dette ein inspirasjon. Dei revolusjonære rørslene som var på kant med det eineveldige Frankrike, vart styrkte.
Relatert innhald
I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.