Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Opplysingstid og revolusjonar: Demokratiet blir utvikla

Gjennom arbeidet med emnet "Opplysingstid og revolusjonar" får du innblikk i tankar og idéar som har lege til grunn for politiske omveltingar, som revolusjonane. Her skal du sjå ei rekke animasjonar i arbeidet med oppgåvene.

I relatert innhald nedst på sida finn du fleire aktuelle artiklar du kan bruke som kjelder i oppgåvene.

Oppgåve 1: Arven frå antikken

Sjå animasjonen Det athenske demokrati nedanfor og svar på spørsmålet:

Kva kjenner du igjen frå det athenske demokratiet i vårt eige politiske system?

Oppgåve 2: Utviklinga av demokratiet

Sjå filmen Demokrati nedanfor og lag ei skjematisk framstilling av dei mest framståande styreformene i Europa i:

  • antikken

  • mellomalderen

  • tidleg nytid

Oppgåve 3: Opplysingstid og revolusjonar

Opplysningsfilosofane var kritiske til det kongelege eineveldet og kravde nye styreformer med folkeleg medråderett.

Sjå filmen Opplysningstiden nedanfor og formuler eit samandrag av kritikken og tankane til opplysningsfilosofane om eit meir demokratisk styre.

Oppgåve 4: Arven frå opplysingstida

Etter Napoleonskrigane vart mange av dei liberale tankane frå opplysingstida sette tilbake. Bruk artikkelen Arven frå opplysningstida og drøft utviklinga av demokratiet i Europa fram mot vår tid.

Måleri av ein revolusjonær mann som veivar med det franske flagget etter eit folkeopprør. Ein stor folkemasse både med falne og levande personar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar