Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Syreande

Blås med eit sugerør ned i ei væske for å gjere ho sur.

Utstyr

  • fenolftalein
  • 6 mol/L natriumhydroksid, NaOH
  • sugerøyr
  • begerglas, 250 mL

Framgangsmåte

  1. Fyll begerglaset omtrent halvfullt med destillert vatn.
  2. Tilset 2-3 dråpar fenolftalein og 1 dråpe natriumhydroksid.
  3. Bruk sugerøyret til å blåse bobler i løysinga. Løysinga vil etter kvart bli fargelaus.
  4. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Morosam demonstrasjon som elevane kan gjere, og som viser at CO2 i vatn gir sur løysing (same som i brus).