Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Rask rusting

Sjølv om rusting er ein spontan prosess, skjer han ikkje nødvendigvis så raskt. I dette forsøket legg du forholda til rette for at rustinga kan skje på ein blunk.
Kolbe med stålull i kontakt med kaliumpermanganat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • kaliumpermanganat, KMnO4
  • 6 mol/L saltsyre, HCl
  • stålull
  • lita flaske / liten kolbe
  • kork med hol
  • glasrøyr/stor glaspipette
  • begerglas, 250 mL

Framgangsmåte

  1. I eit begerglas: tøm saltsyre over stålulla, sørg for at alt blir vått. Dette gjer vi for å fjerne oksidbelegg på overflata.
  2. Skyl så i vatn. Legg stålulla i flaska, set på korken og set i glasrøyret.
  3. Tilset ein spatelspiss kaliumpermanganat til begerglaset, og fyll det ca. 3/4 fullt med vatn.
  4. Bruk eit stativ med muffe og klemme til å stille flaska med stålull opp-ned, med glasrøyret ned i kaliumpermanganat-løysinga.

    Etter kvart vil undertrykk i flaska pga. bindinga av oksygen til rust gjere at løysinga i begerglaset blir sugd inn i glasrøyret. Viss permanganat-løysinga blir soge heilt opp i flaska, vil Mn6+ reduserast til Mn2+, som er fargelaust.
  5. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette kan vere en fin demonstrasjon i samband med redoks i naturfag, likevekt og syre-base i kjemi, eller berre for gøy.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk