Forsøk
Demoforsøk: Lycopodiumdrage
Lag sprutande eld ved å blåse pulver av små partiklar inn i ein flamme.
Liten versjon
- lycopodium-pulver (kan erstattast med kaffisøting (Coffee Mate) eller liknande)
- sugerøyr
- flammekjelde (stearinlys, gassbrennar)
Stor versjon
- lycopodium-pulver
- hageslange
- peistennar
Liten versjon
- Fyll lycopodium-pulveret i sugerøyret.
- Blås pulveret gjennom sugerøyret på flammen.
Kan også gjerast ved å ha lycopodium i handa og blåse inn i flammen.
Stor versjon
- Teip peistennaren fast i hageslangen slik at enden er nokre centimeter frå enden på hageslangen.
- Fyll litt lycopodiumpulver i hageslangen.
- Tenn peistennaren og blås pulveret gjennom slangen på flammen. Her kan det vere lurt å øve litt i forkant for å finne ut kor hardt du bør blåse for å få best mogleg effekt.
Veldig morosamt eksperiment som passar for liten og for stor. Hugs briller!