Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Flammesøyle

Lag ei imponerande flammesøyle med etanol, hydrogenperoksid og kaliumpermanganat.
Flammer i petriskål av glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • etanol
  • 20 % hydrogenperoksid, H2O2
  • kaliumpermanaganat, KMnO4
  • porselensskål, 10 cm diameter

Framgangsmåte

  1. Lag ei løysing av ca. 30 mL etanol og 20 mL hydrogenperoksid.
  2. Overfør løysinga til skåla.
  3. Tenn på løysinga. Ho vil no brenne med ein svakt blå flamme.
  4. Tilset ein spatelspiss kaliumpermanganat. Du vil no få ei fin flammesøyle, og kanskje nokre små smell.
  5. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Her lagar vi store flammar, og sikkerheita må vere deretter. Prøv i liten skala før du eskalerer. Kan vere lurt å gjere i avtrekk, men er strengt tatt ikkje nødvendig sidan det er etanol vi brenn. Viss du har ein sikkerhetsskjerm, bruk han.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk