Forsøk
Demoforsøk: Endotermisk oppløysing av NaCl
Observer rask temperaturendring når du løyser natriumklorid i vatn.
- natriumklorid,
- isbitar
- begerglas
- magnetrørar (valfritt)
- temperatursensor, frittståande eller tilkopla PC
- Fyll begerglaset ca. halvfullt med kaldt vatn.
- Tilsett ei passande mengd isbitar.
- Senk temperatursensoren ned i glaset og begynn å måle temperaturen.
- Tilsett ei god mengd natriumklorid og observer temperaturen. Viss du har tilsett nok natriumklorid, vil temperaturen etter kvart stabilisere seg godt under . Viss ikkje, tilset meir natriumklorid.
Dette forsøket kan brukast i kjemi i samband med termodynamikk som døme på endotermisk reaksjon, eller for gøy i naturfag.