Demoforsøk: Elektrolyse av vatn - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Elektrolyse av vatn

Gjennomfør ein enkel elektrolyse av vatn der du brukar ein indikator for å påvise reaksjonar ved elektrodane.

Utstyr

  • BTB eller lakmus
  • begerglas, 250 mL
  • papp-bit som passar i begerglaset
  • spenningskjelde
  • ledningar
  • karbonelektrodar

Framgangsmåte

  1. Fyll begerglaset med vatn, tilset indikator og set papp-biten på tvers av begerglaset.
  2. Sett elektrodane på kvar si side av papp-biten, og koble til spenningskjelden.
  3. Slå på spenningskjelden. I tillegg til den forventa gass-produksjonen ved elektrodane, vil du få ei fargeendring som følgje av endring i pH. Dei to indikatorane vil gi forskjellige fargar.
  4. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Ein veldig fin måte å vise fram elektrolyse på, både i naturfag og kjemi. Spesielt i kjemi vil ein kunne bruke fargeendringa til å forklare danninga av syre og base som skjer ved kvar elektrode som følgje av redoks-reaksjonane som oppstår.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019