Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Hylande seigmann

Putt ein seigmann oppi ei kokande væske og sjå kva som skjer!
Seigmann med fortvilt ansiktsuttrykk blir halden nær ein flamme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

Seigmann blir sleppt oppi reagensglas med litt kaliumklorat i botnen. Glasset blir varma opp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Set opp utstyret i eit avtrekksskap.

  2. Tilsett 1 teskei kaliumklorat i eit reagensglas.

  3. Bruk ein gassbrennar til å varme opp. Skru av gassbrennaren når kaliumkloratet har smelta.

  4. Slepp forsiktig ein seigmann ned i reagensglaset.

  5. Observer!

Diskuter

  • Kvar kjem all energien i denne reaksjonen frå?

  • Kva er stoffet som ligg igjen i reagensglaset?

  • Kva skjer når vi et og forbrenn ein seigmann i kroppane våre? Samanlikn med reaksjonen de nettopp har observert.

  • Dette forsøket svarer til "The Howling Gummy Bear"-eksperimentet.

  • Gummibjørnar eignar seg noko betre enn seigmenn fordi dei er mindre og dermed lettare å få oppi reagensglaset. Bruker du ein seigmann, kan du dele han i to eller skjere av armar og bein.

  • Reaksjonen som skjer, er ein redoksreaksjon.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2022

Læringsressursar

Demoforsøk