Demoforsøk: Kameleon - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Kameleon

Lag eit imponerande fargespekter med utgangpunkt i ei løysing av jernammoniumsulfat.

Utstyr

  • ei løysing av 5 g jernammoniumsulfat, Fe(NH4)2(SO4)2 i 500 mL vatn
  • 0,5 g kaliumtiocyanat, KSCN
  • 0,5 g bariumklorid,BaCl2
  • 0,5 g kalsiumferrocyanid,Ca2Fe(CN)6
  • 0,5 g tanninsyre
  • 0,5 g tartarsyre
  • 0,5 g natriumhydrogensulfitt, NaHSO3
  • 6 begerglas, 50 mL

Framgangsmåte

  1. Fyll ei flaske med jernammoniumsulfat-løysinga.
  2. Tilset kvart av dei faste stoffa til kvart sitt
    begerglas samen med nokre få mL destillert vatn.
  3. Fordel innhaldet i flaska på begerglasa. Du
    vil få forskjellige fargar i begerglasa.

Vatn blir tømt frå ei flaske over i ein serie på seks tomme glas. Væskene i glasa blir høvesvis raud, kvit, blå, svart, grøn og oransje.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019