Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Pringles-rakett

Lag ein effektfull rakett som "går på" hydrogengass.
Sink i løysningar av saltsyre med ulik konsentrasjon i 2 kolbar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • Pringles-boks eller liknande
  • konsentrert saltsyre, HCl
  • sink-bitar
  • kolbe med kork og slange
Forsøksoppsett til Pringles-rakett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Lag eit lite hol i botnen av boksen.
  2. Tett holet med ein bomullsdott eller liknande, og snu boksen på
    hovudet.
  3. Tilset ei passande mengd saltsyre til kolben.
  4. Tilset ei passande mengd sinkbitar og set på korken.
  5. Før slangen inn i botnen av boksen. La stå i nokre minutt.
  6. Ta ut bomulla, og tenn på frå toppen.
  7. Restar av saltsyre kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn. Sink-bitane kan gjenbrukast eller kastast i søpla.

Enkel, men veldig effektiv rakett. Her må mengda saltsyre og sink tilpassast storleiken på boksen. Viss du bruker ein vanleg Pringles-boks, treng du ca. 30 – 50 mL saltsyre og 10 – 15 biter sink. Hugs hørselvern og briller når du tenner på.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk