Forsøk
Demoforsøk: Blå flaske – rosa flaske
I denne redoksreaksjonen vil glukose redusere indikatoren, mens oksygen oksiderer han tilbake til utgangspunktet igjen.
- 6 g natriumhydroksid,
- 10 g glukose
- metylenblå eller indigokarmin for blå farge
- resasurin for rosa farge
- 50 mL etanol,
Relatert innhald
Løysing A
- Veg inn 6 g natriumhydroksid i ein 500 mL erlenmeyerkolbe.
- Tilset 300 mL vatn og 10 g glukose.
- Rist forsiktig på flaska til alle faste stoff er løyste opp. Du har no ei 0,5 mol/L løysing av natriumhydroksid med 10 g glukose.
Løysing B
- Løys ein spatelspiss metylenblå eller indigokarmin og ein spatelspiss resasurin i 50 mL etanol i ein 100 mL erlenmeyerkolbe.
- For å få ei løysing som skiftar mellom blå og rosa, tilset både metylenblå/indigokarmin og resasurin i 50 mL etanol i ein 100 mL erlenmeyerkolbe.
- Tøm ca. 5 mL av løysing B i ein erlenmeyerkolbe som inneheld 50 - 100 mL løysing A. Fargen vil etter kvart forsvinne. Sett ein kork på kolben.
- Ved kraftig risting vil fargen komme tilbake, for så å forsvinne. Dette kan gjentakast mange gongar.
- Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
Veldig fin og enkel demonstrasjon av likevekter i vatn. Kan brukast som øving i labferdigheiter der elevane lagar løysingane sjølve. Natriumhydroksid-løysinga kan då lagast på førehand.