Demoforsøk: Flytande termometer - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Flytande termometer

Undersøk korleis ei blanding av koboltklorid og etanol endrar utsjånad ved temperaturendring.

Utstyr

  • koboltklorid, CoCl2
  • etanol, 100 mL
  • erlenmeyerkolbe, 250 mL
  • kokeplate (eller ein annan måte å varme opp på)
  • termometer (valfritt, for å lese av temperatur ved fargeendring.)

Framgangsmåte

  1. Tilsett koboltklorid og etanol til erlenmeyerkolben.
  2. Sett kolben på kokeplata og slå på kokeplata. Fargen til løysinga vil endre seg frå rosa til blå. Når du slår av kokeplata, og løysinga har kjølt seg ned, vil fargen endre seg tilbake til rosa.
  3. Restar av kobolt må tømmast på eiga flaske.

Dette forsøket kan vere fint å bruke i kjemi som demonstrasjon av Le Châteliers prinsipp eller berre som ein fin visuell demonstrasjon av termodynamikk.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019