Hopp til innhald
Rettleiing

Jobb raskare med hurtigtastar

Du kan jobbe raskare på datamaskina viss du lærer deg å bruke tastaturet til fleire oppgåver.

Kva er hurtigtastar?

Som oftast bruker du tastaturet på datamaskina til å skrive tekst. Men visste du at du òg kan gjere andre oppgåver ved å trykke på to eller tre tastar samtidig? Ved å bruke ulike kombinasjonar av tastar får du opp menyar med mange nyttige verktøy. Når vi held mange tastar inne samtidig, får vi det vi kallar hurtigtastar, noko som erstattar bruken av datamusa. Som namnet "hurtigtastar" seier, går det ofte .


Med hurtigtastar kan du la datamusa kvile, og du slepp å ta hendene opp frå tastaturet for å kopiere, lime inn, lage feit tekst og så vidare.

Kva for hurtigtastar bør du lære deg?

Lær deg hurtigtastane for det du som oftast bruker datamusa til, som til dømes å markere og kopiere tekst, for deretter å lime han inn ein annan stad. I tabellen under har vi sett opp dei hurtigtastane du kan ha mykje bruk for i løpet av ein skuledag.

Nyttige hurtigtastar

Oppgåve

Windows

Mac

Markere tekst

Ctrl+Shift+piltastarCmd+Shift+piltastar

Markere all tekst

Ctrl+ACmd+A

Feit tekst

Ctrl+BCmd+B

Kursiv

Ctrl+ICmd+I

Kopiere tekst

Ctrl+CCmd+C

Klippe ut tekst

Ctrl+XCmd+X

Lime inn tekst

Ctrl+VCmd+V

Lime inn tekst utan formatering

Ctrl+Shift+VCmd+Shift+V

Angre handling

Ctrl+ZCmd+Z

Søk etter ord i tekst

Ctrl+FCmd+F

Skrive ut

Ctrl+PCmd+P

Lagre dokument

Ctrl+SCmd+S

Opne søk på datamaskina

WindowstastCmd+mellomrom

Dele skjerm (til dømes dele

på storskjerm)

Windowstast+PCmd + F1 (ikkje alle einingar)

Fleire vindauge på skjermen

Windowstast piltast høgre eller venstreControl Cmd + F
Oversikt over fleire hurtigtastar

Hurtigtastar på Mac

Hurtigtastar i Windows