Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Innkjøpsarbeid – omgrepsforståing

Ved ordremottak og bestillingar blir det produsert ei rekkje dokument som bedrifta må halde styr på. I samband med dette er det òg mange omgrep du må kunne.
Dokumenta i innkjøpsarbeidet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Forklar dei følgjande omgrepa:

  1. ordre
  2. bestilling
  3. ERP-system
  4. EDI (søk på internett)
  5. plukke varer
  6. leverandør
  7. stillingsinstruks

Oppgåve 2

I samband med innkjøpsarbeid blir det sendt ei rekkje dokument mellom kjøpar (kunde) og seljar (leverandør).

  1. Kva dokument er det aktuelt å sende frå leverandøren til kunden? Forklar òg kva dei ulike dokumenta inneheld.
  2. Kva dokument er det aktuelt å sende frå kunden til leverandøren? Forklar òg kva dei ulike dokumenta inneheld.

Oppgåve 3

I samband med salskontraktar er det viktig å avtale klare vilkår, både for å kunne vurdere alle sider av avtalen og for å forhindre usemje og konfliktar i ettertid.

  1. Bruk internett og finn ut kva Incoterms er. Forklar.
  2. Kva slags vilkår bør vere med i ein salskontrakt?

Relatert innhald

Når ei bedrift får ein ordre, betyr det at nokon har bestilt hos dei. Når ei bedrift gjer ei bestilling, betyr det at dei sjølv kjøper noko hos andre.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling