Film og filmklipp
Brevmal i Word
For å effektivisere arbeidet med brevskriving lagar mange bedrifter brevmalar i Word – med brevhovud øvst og med kontaktinformasjonen til bedrifta i botntekst.
Ved å sjå gjennom dei tre videoane på denne sida lærer du korleis du lagar ein brevmal, og korleis du går fram når du seinare vil bruke malen.
I den første videoen lærer du korleis du opprettar sjølve malen. Malar er ein eigen dokumenttype i Word og må derfor lagrast på ein spesiell måte. Deretter får du sjå korleis du kan lage eit brevhovud i malen.
Slik går du fram for å lage ein brevmal med brevhovud i Word. Video: Tove Knutsen / CC BY-SA 4.0
I den neste videoen lærer du korleis du set inn ein botntekst i brevmalen. Botnteksten skal innehalde kontaktopplysningane til bedrifta, og videoen viser korleis du kan setje dei opp på ein ryddig og oversiktleg måte.
Slik set du inn ein botntekst i ein brevmal. Video: Tove Knutsen / CC BY-SA 4.0
I den siste videoen lærer du korleis du bruker brevmalen.
Slik går du fram når du vil bruke ein brevmal du har laga. Video: Tove Knutsen / CC BY-SA 4.0