Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Postjournal

Offentlege verksemder har plikt til å journalføre innkommande og utgåande post. Som ein del av kvalitetssikringa og oppfølginga av kundar, leverandørar og tilsette bør alle verksemder – òg private – lage gode rutinar for handtering av alle førespurnader dei får inn og sender ut.
Brevhylle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva ulike typar post kan finnast i ei verksemd?
  2. Er det noko av denne posten det ikkje er naudsynt å journalføre?
  3. Alle offentlege verksemder er pålagde å føre postjournal. Bruk internett og finn ut kva to lover som pålegg dei dette.
  4. Kva kan postjournalar brukast til?
  5. Kva fordelar kan ei bedrift ha av eit godt og oversiktleg arkivsystem?
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling