Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Posthandtering – omgrepsforståing

Arbeider du på kontor, kan ei av oppgåvene dine vere å handtere post. Då må du registrere og fordele innkommande post. Utgåande post skal leggjast i konvoluttar og frankerast før du sender han. Her er det ei rekkje fagomgrep du må kunne.
Ein stabel med vindaugskonvoluttar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Vi har ulike typar konvoluttar. Forklar kva dei følgjande konvoluttane kan brukast til, og kva som er dei eventuelle fordelane med dei:

  1. C4-konvolutt
  2. E65-vindaugskonvolutt
  3. internpost-konvolutt

Oppgåve 2

Forklar dei følgjande omgrepa:

  1. frankere
  2. adressat
  3. korrespondanse
  4. konfidensielt
  5. prokurist

Oppgåve 3

Posten Noreg AS er eit norsk statseid konsern som driv postombering i Noreg. Gå inn på posten.no og finn ut kva dei følgjande omgrepa betyr, og når det er aktuelt å bruke dei:

  1. postoppkrav
  2. fortolle
  3. rekommandert

Oppgåve 4

Bring er den delen av Posten-konsernet som betener bedriftskundane. Gå inn på bring.no og finn ut følgjande:

  1. Kva er ein frankeringsmaskin? Når er det aktuelt å skaffe seg dette?
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Dokumentbehandling